Vegen er enkelte stadar heilt nedsliten, med sprekkar og hol fleire stadar. Nokre stadar har armeringa som ligg under berelaget, teke til å stikke opp. Særskilt ille er tilstanden på vegen frå industriområdet og austover til Almestadkrysset.

– Gjennom vår entreprenør på staden får eg opplyst at dette er ei strekning som vi må halde ekstra oppsyn med. Seinast sist veke vart det fylt opp holer med ny asfalt. Framover i tid vert det utan tvil meir innsats på vedlikehald av denne vegen, som har ein del krakeleringsskader i form av sprekker og holer. Vegen er også delvis bygt på myrgrunn.

Det seier byggjeleiar på driftskontrakt 1501, Søre Sunnmøre, Jan Georg Fossheim, til Vestlandsnytt.

Han er også kjend med at det ei tid har vore ekstra stor aktivitet med tungtransport på denne vegen. Han har likevel grunn til å tru at transportørane held seg innanfor vektgrensene på vegen, slik han kjenner forholda på staden.

– Denne vegen er nok ikkje åleine om å ha ein slik standard. Det er eit aukande etterslep på vedlikehald og utbetringar når det gjeld fleire fylkesvegstrekningar i Møre og Romsdal, seier Fossheim.

– Problemet aukar på

Olav Myklebust er ein av dei faste brukarane av vegen. Lokalpolitikaren meiner det snart bør gjerast noko meir enn flikking.

– Denne vegen går delvis over myrane, og der, i området ved Gursken stadion, er tilstanden ekstra ille. Fleire stadar ser vi at asfalten har krakelert, og det ser ut som sprekkane vert større og større.

Myklebust og andre brukarar er sjølvsagt klar over at vegen det siste året har vore utsett for ekstra belasting på grunn av stein- og tømmertransport, noko som gjer at slitasjen har blitt merkbar og tydeleg.

– Det trengst nok ein innsats med dekkelegging i alle fall på delar av strekninga. Elles vert det raskt eit kontinuerleg vedlikehaldsarbeid, som også kostar pengar.