Fekk inn over 1,3 millionar: – Vi fekk utfordringar med vêret

– Det har vore ein tøff tur, men det gjekk fint, seier Petter Gunnarstein dagen etter framkomst. Neste eventyr er allereie bestemt.
Nyhende

Onsdag var seksringen Ronja Hope vel framme i Lofoten etter å ha blitt rodd store delar av strekninga frå Ålesund. Under siste etappe, frå Ballstad til Mortsund, hadde Petter Gunnarstein med seg fiskeriminister Harald T. Nesvik i båten.