– Ja, her har vi det kjekt i lag, seier Kari Sissel Torvik, og får bekreftande nikk ifrå resten av gjengen som sit samla rundt bordet.

Vi er samla på Bergsøy skule Borga, i lokala som husar den internasjonal skulen i kommunen. Det siste året har det derimot ikkje vore berre internasjonal skule som har haldt til her. Etter nyttår vart nemleg dei og flyktningtenesta i Herøy samorganiserte under oppvekstavdelinga, og samlokaliserte eit halvt år tidlegare. No held dei altså begge to til på Borga. På toppen av dette, har dei også fått eit nytt namn, kvalifiseringssenter for innvandrarar.

– Heilt enkelt betyr det at vi som samla avdeling no har hovudansvar for å kvalifisere alle typar innvandrarar som buset seg i kommunen. Det gjeld gifte med nordmenn, arbeidsinnvandrarar og flyktningar. Vi gir råd og rettleiing når det gjeld utdanning og jobb, men også med praktiske og kvardagslege ting, forklarar Torvik, som elles er den nye avdelingsleiaren.

Kommuniserer betre

For dei tilsette er det spesielt ein ting som har blitt markant betre etter å ha samla seg i eitt bygg.

– Kommunikasjonen oss i mellom har blitt mykje lettare. Det har i tur ført til at samarbeidet mellom dei ulike tenestene går enklare, då vi får følgje opp alle utfordringar fortlaupande i lag. Ein får ta tak i små problem før dei blir store, forklarar ei av dei tilsette, Mona Hammer, som fortel at dette har vore utfordrande tidlegare.

– No kan vi berre banke på døra til kvarandre og lett få svar på spørsmål, forklarar gjengen.

Ein annan faktor er sjølve tilgjengelegheita.

– Før har det kanskje ikkje vore like enkelt å finne oss i flyktningtenesta. Såleis er vi meir tilgjengelege i desse lokala, og kanskje er det no lettare å stikke innom oss, resonnerer Kristoffer Nærø Ytterland saman med dei andre tilsette.

– Heile tilbodet blir litt meir lågterskel, seier Elisabeth Frøystad.

Det at det no er berre ein stad å halde seg til, har ifølgje staben blitt godt tatt imot blant brukarane. Etter det dei har fått høyre, er det ei betring av tilbodet alt i alt.

I år har det totalt vore 70 brukarar av tenestene, frå i alt 25 forskjellige nasjonar.