Sommarmoro på Kvamsøya!

– Det er klart dette blir kjekt. I år er arrangementet også lagt til ei langhelg, og då blir det ekstra moro.

Åtgaum: Frå fjorårets utgåve av Sommarhelg på Kvamsøya. Her ser vi eit spanande glimt frå konkurransen «Gå planken», der Ansgar-Åge Vestnes (t.h.) måtte hoppe i det våte element. Arkivfoto: Knut Werkland 

Vi har gode fasilitetar for bubilar og båtar

Petter Gunnarstein
Nyhende

Det seier Petter Gunnarstein, ein av dei som trekkjer i trådar lokalt, og som ynskjer folk velkomne til Sommarhelg på Kvamsøya. Det er idrettslaget som arrangerer den tradisjonelle sommarfesten.

– På grunn av pinsehelga har vi utvida treffet med middagsservering på søndag, fortel Gunnarstein på telefon frå Lofoten.

Arrangementet, som i stor grad føregår i stortelt på hamna, opnar i kveld, fredag, med sal av grillmat og andre godsaker. Tidleg på kveld vert det hoppeslott og anna moro for dei yngste.

Om kvelden vert det stand up-show med Roar Brekke, ein kjend kar som har showa fleire stadar i vårt distrikt.

Arrangørane har ordna seg med båtskyss som supplement til ferjetrafikken, og båten vil gå til kringliggande hamner både fredag og laurdag etter at festlegheitene har lagt seg.

– Vi ventar mange utflytta kvamsøyingar heim denne helga, men også mange andre tilreisande. Vi har som vanleg ordna med gode fasilitetar både for bubilar og båtar, legg Gunnarstein til.

Laurdagen opnar sprekt, med sykkelløp og tilhøyrande premiering. Kravet til vaksne er: «Sykle minst ei mil på Kvamsøya».

Deretter opnar teltet igjen, med ulike utstillingar og salsbuer, til dømes med handverk og andre salsvarer. Borna kan igjen lauge seg i eit Brimer-basseng, som attpåtil er oppvarma. Mat blir det mykje av, og av ulike smakar. Bacalao, rjomegraut og grillmat vert å få, frettast det. Dessutan vert underhaldning frå scene.

Om kvelden bryggjer det opp til dans. Då kjem den populære gruppa «Sytalaust» og skal syte for god musikk, og med eige dansegolv i teltet blir det etter alt å døme ein utmerka kveld.

Søndag er det også servering av middag, som ein service i høve den lange helga. Arrangøren kan fortelje at alle aktivitetar for born, er gratis.

– Vel møtt, helsar kvamsøyingane.