Nærare bestemt gjeld «nye marknader» overhaling og overflatebehandling av brukt utstyr til fiskeri, havbruk og offshorenæringa.

Omstilling var nødvendig

Bedrifta som driv med overflatebehandling ligg ved fylkesvegen ovanfor Almestadkrysset. Ein periode hadde dei det aller meste av produksjonen knytt til nybygde offshorefartøy. Som så mange andre bedrifter har også Dalen måtte føreta ei omstilling, både med tanke på arbeidsstokk og tenester.

– I dag er vel ein fjerdedel av produkta vi overflatebehandlar knytt til ettermarknaden og dette er eit område vi vil satse på i framtida. Produkt knytte til nybygg og offshorenæringa er likevel framleis viktige bransjar for oss og vi har alle nødvendige ISO sertifikat for å vere leverandør til desse næringane, desse stiller blant anna høge krav til kvalitet og levetid på malingssystema, forklarar dagleg leiar Kenneth Jøsokbakke.

Positiv utvikling

– Vi merkar heilt klart ein oppgang, og det er i dag fleire førespurnader enn på ei stund innan offshore og det går sakte men sikkert framover, seier Jøsokbakke.

Bedrifta har siste tida tilsett ein person til på kontoret, og ein i produksjonen.

– Vi var oppe i 23 tilsette ikkje lenge etter at vi bygde nytt i 2009/2010. I tråd med nedturen i oljenæringa måtte vi bemanne ned, og var nede i åtte tilsette. No er vi ti, samt at vi har seks tilsette som jobbar prosjektbasert, seier Jøsokbakke til Vestlandsnytt.

Nysatsing innan cruise, fiskeri og havbruk

Han starta i si tid Dalen Motorhus på denne lokaliteten. Seinare vart satsingsområdet endra, til liks med namnet på bedrifta. Då det nye anlegget vart bygd 2009/2010, vart det fokusert på miljømessig utføring av sjølve arbeidet og energieffektiv drift av anlegget.

– Vi ser i dag at fleire og fleire kundar stiller krav til å vareta miljøet, og vi er glade for at dei store investeringane vert verdsett i større grad enn før, seier Jøsokbakke.

Bedrifta har no har fått fotfeste innan interiørmåling i cruisenæringa, og har i sving eit prosjektteam ved Kleven på den nye ekspedisjons-hurtigruta Roald Amundsen.

– Vi har gode forhåpningar til denne satsinga, ikkje minst med tanke på den aukande satsinga på cruise-segmentet for verfta på Nordvestlandet. Vi ser også større moglegheiter innan fiskeri- og havbruksflåten. Vi har eigen bil og kan hente og bringe, det er noko kundane set stor pris på, opplyser Jøsokbakke som er eineeigar og gründer i selskapet.

Lokale kundar

På bedrifta i Gursken er det overflatebehandling av stål og aluminium det går i, av store og små komponentar både til offshore og landbasert industri.

Arbeid med overflatebehandling for lokale verksemder er viktig og utgjer størsteparten av aktiviteten ved bedrifta.

– Det er sjølvsagt svært viktig å ha eit nettverk av kundar her i regionen, men vi ser også etter kundar utover vårt lokale nedslagsfelt, seier Jøsokbakke.

Tek i bruk endå ein hall

Verksemda har store og moderne lokale skreddarsydde for effektiv overflatebehandling. Ein hall på tomta som til no ikkje er teken i bruk, er det også planar for.

– Vi ser no ein del moglegheiter med hallen som er på rundt 300 kvadratmeter. Difor vil vi få han klar til bruk i løpet av året, opplyser leiaren.

Generelt meiner Kenneth Jøsokbakke det no rører seg meir i marknaden, og difor er også bedrifta i ein fase med oppbemanning og fornya satsing.

– Vi var nede i ei minimumsbemanning, men når det er sagt, har vi ein stabil og dyktig arbeidsstokk. Nokre av dei kom frå Aust-Europa og har etablert seg med familie her i området, og det er gledeleg at pilane no peikar rette vegen igjen.