Før vi sist veke presenterte ei liste over det vi meiner er feilaktige utbetalingar gjennom Havbruksfondet, varsla Fiskeridirektoratet at dei treng tid på å svare.

Tysdag kom svaret, ført i pennen av seksjonssjef Britt Leikvoll.

– Fiskeridirektoratet sine regionar har dei seinare åra sett i verk ein omfattande innsats for å trekke tilbake passive lokalitetar. Regionane vurderer alle lokalitetar som ikkje har vore aktive dei siste to åra innanfor sitt område fortløpande, heiter det frå seksjonssjefen.

– Driftsplanar vert sjekka, og det vert teke kontakt med oppdrettar for å finne årsaka. Deretter vert det teke ei skjønsmessig vurdering i den enkelte sak, skriv Leikvoll.

Ho legg til at i nokre regionar har til dømes ILA- og PD-situasjonen medført at lokalitetar har vore lenger utan drift enn det som er vanleg.

– Dette er ofte etter avtale og i samråd med Mattilsynet for å få til ein fornuftig sonebruk. På fleire av lokalitetane er det tidlegare sendt førehandsvarsel om inndraging, men nye planar om bruk har gjort at sakene vart avslutta. Desse sakene vert fortløpande følgde opp i den enkelte region, skriv seksjonssjefen i ein e-post til Vestlandsnytt.

Ho legg til at alle lokalitetar som per i dag står oppførte i Akvakulturregisteret, held oppe sin status som klarerte lokalitetar. Dermed inngår dei i ordninga med utbetaling frå Havbruksfondet.

Fiskeridirektoratet svarar ikkje på vårt spørsmål om det er føreteke feilaktige utbetalingar frå fondet.

I artikkelen som vart publisert i Vestlandsnytt fredag 31. mai, lista vi opp ei lang rekkje lokalitetar der det ikkje har vore drift på mange år, men der vertskommunane likevel har fått til saman 50 millionar kroner frå Havbruksfondet.

Utvida liste: 90 millionar kan vere feilaktig utbetalt

Vi har studert utbetalingane per anlegg i høve til faktisk drift på desse over ein periode på mange år tilbake. Etter ein nærare gjennomgang, ligg summen av det vi meiner er feilaktige utbetalingar, på meir enn 90 millionar kroner.

For nokre av desse nyaste funne ser det heller ikkje ut som om der nokon gong har vore drift i anlegga.

Vi tek med dei siste funna: Trøndelag: Ursbakken, Nærøy, 3.120 tonn, Dolma N, Nærøy, 3.120 t. Vest: Høyvika, Askvoll, 3.120 t.

Finnmark: Vagnfjorden, Sør-Varanger 3.480 t., Segelnes, Kvalsund, 2.700 t. Nordland: Børøya, Øksnes, 3.120 t., Gaveln, Brønnøy, 2.700 t., Tjelbergvika, Vågan, 1.170 t.

Troms: Glimbukta, Karlsøy, 2.700 t, Klauvnes, Skjervøy, 2.700 t., Hundbergan, Lenvik, 1.890 t.

I region Sør syner vår utvida liste mange lokalitetar der det faktisk ikkje har vore drift sidan 2007: Djupevika, Flekkefjord, 1.560 t., Tandraneset, Sirdal, 780 t., Atlatveit, Finnøy, 3.600 t., Finnasand, Rennesøy, 780 t.

Lista for Sør held fram med Ådnøy SØ, Sandnes, 1.950 t., Ulvøyo, Haugesund, 3.600 t., Ådnaholmen, Finnøy, 3.120 t., Andreggrunnen, Finnøy, 3.600 t., Brennevinsgrunnen, Finnøy, 3.120 t., Eime, Kvitsøy, 3.600 t, Tuholmane Ø, Karmøy, 2.340 t.

Ser vi på Finnøy åleine, er denne kommunen ut frå vårt resonnement tilkjend feilaktige utbetalingar på nær 9,7 millionar kroner.

Bad om korrekt grunnlag

Vestlandsnytt er elles kjend med at det i januar 2018 vart sendt ut eit brev til dei ulike seksjonane frå leiinga i Fiskeridirektoratet. Her vart det streka under kor viktig det er at grunnlaget for den komande utbetalinga i Havbruksfondet vert korrekt, slik at langvarig passive lokalitetar ikkje vert med i grunnlaget.

Det spørst i stor grad direktoratet har greitt å etterleve dette kravet. På vår liste over lokalitetar som lenge har vore passive, skriv mange seg frå 2012, og 2010, nokre jamvel heilt tilbake til 2007 og 2005.

Oppsummering – så langt

Samla liste over langvarig passive anlegg syner at desse representerer nærare 130.000 tonn. Dei har i neste omgang utløyst over 90 millionar kroner til vertskommunane. Dei respektive fylkeskommunane vart elles tilgodesett med 15 prosent av Havbruksfondet sin samla pott.