Desse får spelemidlar i Herøy og Sande: Sunnmørsbadet får 5,7 millionar kroner

Sunnmørsbadet: I innstillinga for tildeligar av spelemidlar får Sunnmørsbadet 5,7 mill. kr.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler 85 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i 2019. Det er over fire millionar kroner meir enn i fjor, og den største spelemidel-pott nokon gong i Møre og Romsdal. Nøyaktig kor mykje kvar av dei 113 søkjarane som fylkesrådmannen tilrår å gi tilskot til får, blir klart når saka skal handsamast i kultur- og folkehelseutvalet 12. juni.

– Talet på søknader og den samla søknadssummen viser at det er stort behov for midlar til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, seier seksjonsleiar Rigmor Hustad Holen i ei pressemelding.

Møre og Romsdal har i år den 6. høgste tilskotsramma av dei 18 fylka i landet. I alt 252 spelemidel-søknader kom inn, og av desse vart 212 godkjent. Samla anleggskostnadar er på nærmare 1,9 milliardar kroner. Fylkesrådmannen tilrår tilskot til 113 av søknadene, fortel Hustad Holen.

Tilrådinga er mellom anna basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane, og anbefalingane frå fylkesanleggsrådet, som ligg under Møre og Romsdal idrettskrets.

Tilrådingar i Herøy og Sande

I kategorien «Nærmiljøanlegg» kan vi notere eit tilskot i Herøy, men ingen i Sande. For Herøy sitt vedkomande er det snakk om etablering av ein akebakke i Fosnavåg-parken. Innstillinga er på 300 000 kroner, og det er også det beløpet Herøy kommune søkte om.

I kategorien «Ordinære anlegg» kan derimot sandssokningar glede seg over tilskot. Larsnes idrettslag er nemleg tilrådd å få 254 000 kroner til eit sanitærhus.

Her kan du lese heile innstillinga!

Sunnmørsbadet får 5,7 millionar

I Herøy er det tilrådd betraktelege summar til heile fem anlegg. Sunnmørsbadet er dei som får den største potten, heile 5,7 millionar kroner. Innstillinga til Bergsøy idrettslag er på heile 3,5 millionar. Moltustranda idrettslag kan også glede seg over at deira frifot-anlegg står tilråda med 2,3 millionar. Med litt mindre, men framleis betydelege summar, finn vi Gurskøy IL sitt klubblokale som truleg får 316 000 kroner. Til slutt har gapahuken i parken i Fosnavåg fått tildelt 131 000 kroner.