Skattesvikt og utfordringar på helse og sosial:

Kan ende opp med 13–14 mill. i minus

Budsjettet for Herøy kommune kan kome til å sprekke med 13–14 millionar kroner i 2019.
Nyhende

Økonomileiaren si oppsummering av drifta etter fire månader er lite hyggeleg lesnad for herøypolitikarane. Budsjettkontrollen per 30. april, som no blir presentert for politikarane, avdekker nemleg store utfordringar både på utgifts- og inntektssida for kommunen.