Jubileumsfeiring av Magdalene Thoresen

Magdalene Thoresen (1819–1903) blei hylla gjennom eit flott multikulturelt program i Indre Herøy kyrkje søndag.

Til liks med Bjørnson og Ibsen stilte Thoresen kritiske spørsmål til tradisjonelle, inngrodde haldningar og konvensjonar i samfunnet.

Nyhende

Det er 200 år sidan nemnde forfattar og prestefrue vart fødd, og ho hadde nok vore stolt om ho hadde fått oppleve denne store æra, som fann stad 116 år etter hennar bortgang. Ekteparet Beate Moltubakk Ørstavik og Ivar Ørstavik, som bur i gamle Herøy prestegard, var initiativtakarar og vertskap for den flotte markeringa.