Glimt frå Sædalsmarsjen

63 personar gjekk Sædalsmarsjen helgetorsdag. To av dei fekk medalje for å ha vore med i høvesvis 20 og 30 år.
Nyhende

– Vi hadde éi skikkeleg kraftig regnbye på veg mot Gjerdsvika og éi like kraftig ei på veg tilbake. Men sola kika også fram av og til. Det var ein kjekk tur.

Det seier Per Ståle Moltu, som var ein av 38 deltakarar som gjekk Sædalsmarsjen frå Moltu. 25 personar gjekk også frå Gjerdsvika.

– God stemning

Leiar for trim- og aktivitetsgruppa i Moltustranda Idrettslag, Julianne Moltu, seier det vart eit vellukka arrangement.

– Folk er vande med fire årstider og kom godt kledde. Vi stod og steikte sveler og bydde på kake til dei som kom tilbake frå turen. Folk var i godt humør og der var god stemning, seier ho.

Fekk medalje

To kvinner, Line-Beate Leikanger og Antonette Kvalsund, fekk tildelt medaljar for å ha vore med og gått Sædalsmarsjen i høvesvis 30 og 20 år.

I tillegg vart det trekt premievinnarar mellom alle deltakarane.

– Premiane var ei hengekøye, ei rumpetaske og tre ryggsekkar, seier Julianne Moltu.

Sædalsmarsjen er eit samarbeid mellom Moltustranda IL og Gjerdsvika IL, og vert kvart år arrangert på helgetorsdag. Sparebanken Møre er hovudsponsor til arrangementet.