Ein månads laksefiske i Vågselva

Laksefisket i elvane er kome i gang, men i Vågselva i Sande må fiskarane vente i enda nokre veker før dei får sleppe til.

laks: Vågselva i Gursken blir opna for laksefiske i juli månad.  Foto: googlemaps

Nyhende

1. juli blir Vågselva i Gursken opna for fiske i ein månad, og det er sett ei døgnkvote på ein laks per fiskar i perioden fram til 1. august. Dette er ei av endringane som Miljødirektoratet har fastsett i forskriftene for fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag.

Desse endringane gjer at ei rekkje elvar rundt om på Sunnmøre blir stengde for fiske denne sommaren, til dømes i Sykkylven og Norddal.

Mellom dei viktigaste endringane i sjøfisket etter laks på Sunnmøre er innkorting av fisketida for kilenot og lakseverp i Hjørundfjorden og Storfjorden innafor ei linje frå Festøya til Solavågen.

PS: I papiravisa stod det ved ein feil at laksefisket i Vågselva varer i to veker. Men det rette er altså: Heile juli månad.