Brukarundersøking i pleie/omsorg i Sande

Undersøkjer: Kari J. Skarmyr og pleie/omsorg vil bruke resultata for å betre tenestene.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Pleie og omsorg gjennomfører i desse dagar ei brukarundersøking. Undersøkinga gjeld både for dei som bur på Sandetun omsorgssenter og dei som bur heime.

– Grunnen til at vi gjennomfører brukarundersøkinga er at vi ønskjer å utvikle tenestene til dei som mottek tenester frå pleie og omsorg, i tråd med brukarane sin ønskjer og behov. Det seier einingsleiar Kari Johanne Skarmyr i pleie/omsorg i Sande kommune.

Ho opplyser at kommunen ønskjer å få tilbakemeldingar frå brukarane om korleis dei opplever tenestetilbodet. Det vil verte gjennomført intervju med dei som bur på Sandetun omsorgssenter. Dei som bur heime, vil få tilsendt eit spørjeskjema, som skal svarast på og sendast i retur.

– Svara vert handsama anonymt av utanforståande og Sande kommune har leigt inn Ambio Helse AS til dette føremålet. Ingen svar vil kunne sporast tilbake til den einskilde brukar, opplyser Skarmyr.

– Vi håper så mange som mogleg kan hjelpe oss i arbeidet, og på den måten vere med å gjere tenestene i pleie og omsorg betre gjennom å delta i undersøkinga. Intervju vil bli gjennomført i veke 23. Spørjeskjema vert sendt ut i løpet av veke 23, med svarfrist 19. juni.