Senterpartiet vil kutte ytterlegare 70 millionar til Nerlandsøybrua:

Bjarne Kvalsvik: - Kraftig provosert

Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, opnar for å kutte 70 millionar kroner i budsjettet føreslått frå fylkesrådmannen til ny Nerlandsøy-bru.
Nyhende

I går blei forslaget til økonomiplan frå fylkesrådmannen kjent. Her låg den nye brua til Nerlandsøya  inne med 50 millionar kroner neste år, 300 millionar i 2021 og 150 millionar i 2022. Samla pris på brua vil då verte 500 millionar kroner. Slik fylkesrådmannen ser det, må kostnaden vege tungt når bruløysing over Søre Vaulen skal veljast. Difor kan han ikkje tilrå å bygge bru etter alternativet som reguleringsarbeidet så langt har basert seg på. Forventa kostnad for dette alternativet lyder no på 630 millionar kroner, medan alternativet rett nord for eksisterande bru kan realiserast for 500 millionar kroner.