Barnevern døgnet rundt: Tilrår storsamarbeid om barnevernsvakt

Herøy kommune takkar ja til å ta del i interkommunal barnevernsvakt på Sunnmøre.

HERØY RÅDHUS:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Med denne tilrådinga legg rådmannen saka om etablering av barnevernsvakt fram til politisk sluttbehandling. Spørsmålet har vore drøfta mellom barnevernsleiarane heilt sidan før dei sju kommunane på Søre Sunnmøre fekk 750.000 kroner frå Fylkesmannen til utgreiing av felles barnevernsvakt.