Sigra i bodkampen

Kampen om å kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i MMC First Process er over. Kjøparkonstellasjonen beståande av First Process Holding, Credo Partners og Erle Invest, har signert ein aksjekjøpsavtale med Havyard.

Tidlegare MMC First Process sjef Leif Gjelseth (t.v) og noverande sjef Petter Leon Fauske er med i kjøpargruppa som no tek over Havyard sin aksjepost i MMC First Process.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Dette går fram i ei børsmelding frå Havyard Group måndag morgon. Transaksjonen verdset MMC First Process til 310 millionar kroner. Dette bidreg med ei substansiell likviditetseffekt på 225 millionar kroner til Havyard. Den endelege overtakinga skal skje seinast 10. juli. Havyard skriv følgjande:

- Etter ein prosess der fleire interessentar har vore involvert, har selskapet i dag signert ein aksjekjøpsavtale der valt kjøpar er eit konsortium beståande av dagens minoritetsaksjonærar i First Process Holding der CEO Petter Leon Fauske er majoritetseigar, investeringsselskapet Credo Partners, samt gründer Leif Gjelseth gjennom Erle Invest (samla "Kjøpar"). Som del av transaksjonen er det avtalt at Selskapet vil kjøpe frå MMCFP sin eigardel i MMC Green Technology AS og Green Enviro AS (samla "Transaksjonen").

Kristin Nyhus Halvorsen i advokatselskapet Sands, på vegner av kjøparane, har følgjande kommentar til saken.

- Kjøpargruppa ønskjer å vidareutvikle den strategi som er lagt for selskapet og ser svært positivt på moglegheitene framover. Prosessen med Havyard Group har vore konstruktiv, og begge partar er innstilt på å vidareføre dagens kommersielle samarbeid til beste for begge partar der dette er naturleg. Havyard vil framleis vere ein viktig kunde for selskapet, og MMC First Process vil framleis vere ein viktig leverandør til Havyard.


Gjelseth på bana i MMC First Process-kampen

Konstellasjonen mellom Credo Partners og First Process Holding blir no ytterlegare styrka i kampen om å kjøpe Havyard sin aksjepost i MMC First Process. MMC-gründer Leif Gjelseth går no inn i partnarskapet med ein betydeleg eigarpost gjennom sitt investeringsselskap Erle Invest.

 

- Det var First Process Holding som tok initiativet til å danne ei kjøpargruppe i full forståing med Havyard. Vi er svært tilfreds med å ha fått Credo Partners og Erle Invest med i kjøpargruppa. I tillegg har vi opplevd sterk støtte frå dei tilsette.

I dialog mellom styra i First Process Holding, Havyard og MMC FIRST PROCESS, etablerte First Process Holding og Credo Partners eit partnarskap i mars i år. Formålet var å gjennomføre eit utkjøp med støtte frå Credo av Havyards eigarpost i MMC First Process. Intensjonsavtalen blei kjent i april. Denne avtalen blei derimot avlyst fordi at fleire bodgivarar har meldt si interesse.


Havyard Group sel MMC First Process

Havyard Group har signert eit Head of Terms for sal av selskapet sin 75 prosent eigardel i MMC First Process, heiter det i ei børsmelding måndag morgon.