Pærebrann-arbeidet held fram: Truleg ikkje ferdig i år

Arbeidet med å utrydde pærebrann-utbrotet i Herøy og Sande er enno ikkje over. Om nokre veker er Mattilsynet nok ein gong i gang med å fjerne smitta bulkemispel. – Folk må gjerne hjelpe, seier Mattilsynet.
Nyhende

– Status er at det enno står att ein del i Herøy og litt i Sande. Eg kjem oppover no i juni for å sette i gang med arbeidet.