NVE svarar på kritikken frå møtet til NVN: – Alle kan lese om grunnlaget

I tråd med god presseskikk, gav Vestlandsnytt NVE høve til å kommentere oppslaget om NVN sitt infomøte om Vindkraft. Her er svara vi fekk.
Nyhende

Det vart ytra ein del påstandar og skuldingar mot Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) under informasjonsmøtet om vindkraft på Herøy kulturhus førre veke. Mellom anna vart det sagt at det ikkje er dokumentert at vindkraft har klimaeffekt og at NVE derimot legg til rette for gigantiske naturinngrep utan at konsekvensane er belyste for det norske folk. Frå salen kom det også ein påstand om at NVE på eit tidspunkt skal ha skrive i eit offentleg dokument at det er ein myte at vindturbinar drep ørn, men at direktoratet seinare vedgjekk at dette var feil og trekte dokumentet.