Det var denne første junikvelden for 75 år sidan det tyske frakteskipet «Hans Leonhardt», fullasta med ammunisjon, eksploderte. Det skjedde etter eit velretta flyangrep frå britisk side.

Vi tok eit dykk ned i arkivet og fann fram ein del av det som har vore sagt og skrive om «Hans Leonhardt».

2.199 tonn ammunisjon

Om bord i lasteskipet, som var på tur langs Norskekysten frå Aalborg i Danmark med Kirkenes som destinasjon, var det 2.199 tonn med ammunisjon.

Det vil også vere rett å seie at det vellukka angrepet frå alliert sida representerte eitt av fleire alvorlege tilbakeslag for okkupasjonsmakta under krigen.

«Hans Leonhardt» (4.170 bto.) var ein del av ein tysk konvoi som hadde runda Stad og var på veg inn Vanylvsgapet då angrepet fann stad. Fly frå dei britiske hangarskipa MHS Furious og HMS Victorious letta og føretok eit målretta og vellukka angrep på den tyske konvoien. Desse låg i havet ved Haltenbanken.

I konvoien var det tre skip, assistert av tre minesveiparar. Dei to andre var «Florida» (5.5.42 bto.) og «Atlas» (1.747 bto.).

Angrepsstyrken bestod i fylgje ein artikkel i Vestlandsnytt frå 2004 av 16 Barracuda bombefly, 22 Corsair jagarbombefly og 12 fly av typen Seafire.

Konvoien hadde akkurat passert Haugsholmen då det massive flyangrepet starta. 20 minutt tidlegare skal to tyske jagarfly ha snudd sørover igjen, etter å ha eskortert konvoien over Stadhavet.

Flya fekk tidleg i angrepet inn ein treffar ned gjennom kommandobrua til «Hans Leonhardt». Det oppstod kraftig brann om bord. Også «Atlas» og «Florida» vart råka. Desse vart etter kvart rende i land på høvesvis søre Kvamsøya og Storholmen.

«Hans Leonhardt» dreiv nordaustover. Eit stykke innanfor Bringsinghaug eksploderte «alt». Det var eit inferno av flammar og røyk, og delar av båten flaug himmelhøgt og langt av stad i fleire retningar.

39 soldatar miste livet

Som ved eit under miste ingen sivile livet. Men 39 tyske soldatar omkom, 51 vart hardt skadde og 13 lettare skadde.

På Kvamsøya var mange naturleg nok i sjokktilstand. Fleire vart skadde. Åtte hus på Kvamsøya vart totalskadde, og heile 97 personar vart huslause. Det skal ha gått med så mykje som 2.000 vindaugsruter i bygdene rundt. Alle vart knuste som fylgje av det enorme trykket. Også fem fiskebåtar på Kvamsøya vart øydelagde.

Røyksoppen som steig opp, foreviga mellom anna av Elias Ekroll og hans kjende bilde frå Hallebygda, steig etter kvart til fire-fem tusen meters høgde og var synleg langt av stad. Sjølve smellet skal ha blitt høyrd heilt frå Ålesund.

Sagt og skrive

Opp gjennom åra har det vore sagt og skrive mykje om eksplosjonen som var ein av dei største under andre verdskrig. Vi tek her med nokre av dei:

«Då fartøyet hadde passert Bringsinghaug, etter vel ein halvtimes tid, small det. Eit kjempebrak som har brent seg inn i minnet mitt og truleg også alle andre som var vitne til hendinga». (Ernst Myren, som såg det heile frå Kvamsøya)

«Folk hadde arbeidd heile natta med å ta vare på lausøyret i dei mest skadde husa. At det ikkje gjekk menneskeliv til spille på Kvamsøya, var eit stort under». (Frå lensmann Bjarne Rekdal sin rapport)

«Foruten de legemlige skader, var det en rekke forstyrrelser av psykisk art, og disse viste seg å være de alvorligste. Det var særlig unge piker som fikk sjokklignende skader, og hos en del av disse opptrådte der temmeleg alarmerende symptom». (Frå distriktslækjar Olav Sollie sin rapport av undersøkingane etter eksplosjonen)

«Eit eldglimt, meir intenst enn lynet, lyfte det store skipet, sprengde det i bitar som vart kasta kilometervis i alle leider. Deretter følgde eit valdsamt trykk med enormt sòg i lufta, eit slags vakuum som ingen hadde opplevd før, og som ikkje var til å fatte!». (Ragnvald Lade)