Det kan dreie seg om rundt 50 millionar kroner i over-utbetaling til kommunane der desse lokalitetane ligg.

For ei tid tilbake kom vi over tal som antyda at det kan vere feil i enkelte av Havbruksfondet sine utbetalingar. Undervegs i arbeidet med saka meiner vi å ha avdekt 25 til 30 lokalitetar langs kysten som vertskommunane feilaktig har fått pengar for, sidan anlegga har vore passive og utan fisk i årevis.

Vi har basert artikkelen på opplysingar vi har henta inn frå Fiskeridirektoratet, delvis også Mattilsynet, samanfallande med oversynet over fjorårets utbetalingar frå Havbruksfondet.

Sist fisk for mange år tilbake

Felles for dei konkrete lokalitetane som har tilgodesett kommunane med fondsmillionar på sviktande grunnlag, er at det ikkje har vore aktivitet her på mange år.

Dei fleste har vore passive sidan 2012-2013-2014, nokre endå lenger. Eitt av anlegga, Teisthalsen i Flora, har lege brakk sidan mars 2005, altså i heile 13,5 år før skjeringstidspunktet i september 2018.

To andre lokalitetar har vore utan fisk sidan 2007. Det finst også anlegg der det seinast var drift 2010, men som har resultert i utbetaling frå fondet.

Tilfellet Sør-Varanger

Eit spesielt døme skriv seg frå Finnmark. I Sør-Varanger er det til saman fem ordinære lokalitetar for lakseoppdrett. Kommunen fekk i fjor utbetalt vel 12,9 millionar kroner frå Havbruksfondet.

Problemet er at det i 2018 var fisk i berre to av dei fem lokalitetane. For dei tre lokalitetane som er tomme, fekk Sør-Varanger kommune likevel om lag 7,7 millionar kroner frå fondet. Ved desse tre passive lokalitetane har det ikkje vore fisk i merdane sidan 2014 (Skarvfjell og Spergittklubben) og 2015 (Oterfjorden).

- No får dei velfortent løn

10. september i fjor kunngjorde fiskeriminister Harald T. Nesvik tidenes utbetaling frå Havbruksfondet. Til saman 2,7 milliardar kroner rulla inn på kontoane til landets laksekommunar.

– Det skal løne seg for kommunane å legge til rette for laksenæringa. No får dei ei velfortent løn, sa fiskeriministeren.

Pengane kom sjølvsagt godt med for kommunane langs kysten. I dei aller fleste tilfelle er tala også korrekte.

Vi har ikkje kome over feilaktige utbetalingar i Møre og Romsdal. I vårt område fekk Vanylven 7,8 mill. kr, Herøy 4,5 mill., Ulstein 1,7 mill., Volda 9 mill. og Ørsta 8,7 mill.

Paradoksalt

Mange hugsar også at Sande protesterte på at dei ikkje fekk noko utbetaling for anlegget utanfor Voldneset/Laupen, der Herøy har rundt 60 prosent av anlegget og Sande 40 prosent.

– Utbetalinga skal gå til den kommunen som har det geografiske midtpunktet i anlegget, slo Fiskeridirektoratet seinare fast.

Ei tilsvarande problemstilling med eit «delt anlegg» dukka opp i Sømna/Brønnøy i Nordland, der Sømna hadde midtpunktet og fekk utbetalinga for denne konkrete lokaliteten.

Paradoksalt nok må altså kommunar som får avslag på pengar på «delte anlegg», registrere at anlegg der det ikkje har vore fisk på til dels svært mange år, har fått millionsummar frå Havbruksfondet. Vi har utarbeidd ei liste (med atterhald om eventuelle feil) over kva anlegg dette gjeld, og kva volum dei er godkjende for (grunnlaget for utbetalinga):

Trøndelag:

Slettholmane (Frøya)3.120 t.

Slokkholmen Øst (Leka) 5.460 t.

Olausskjæret (Frøya)3.120 t.

Oterholmen (Nærøy)3.120 t.

Almurden (Flatanger)3.900 t.

Tjærnholmen (Vikna)780 t.

Vest:

Tungesvik (Etne) 1.235 t.

Stille S (Austevoll)1.560 t.

Toska (Radøy)1.560 t.

Slettevika (Flora) 390 t.

Teisthalsen (Flora)1.560 t.

Nordland:

Signaluokta (Tysfjord)1.560 t.

Tårnvika (Bodø) 1.560 t.

Sandholman (Vestv.)780 t.

Langøya NNV (Herøy N)3.120 t.

Stormneset (Tysfjord)3.120 t.

Troms:

Skjærvika (Gratangen) 3.120 t.

Hilderkleiva (Kvæfjord)3.600 t.

Storelva (Skjervøy)3.590 t.

Bjørga (Sørreisa) 3.600 t.

Finnmark:

Kirkeneset (Hammerfest) 2.700 t.

Skarvfjell (Sør-Varanger) 3.600 t.

Spergittklubben (Sør-Varanger) 3.600 t.

Oterfjorden (Sør-Varanger) 3.480 t.

Sør:

Hettaneset (Vindafj.)1.560 t.

Langavika (Hjelmel.)3.120 t.

Stølsvik (Tysvær) 780 t.

Oanes Sjø f.p. (Forsand)780 t.

Dette vert temmeleg nøyaktig 70.000 tonn. Om det held seg oppe at alle kan reknast som anlegg som ved skjeringstidspunktet hadde lege passive i meir enn to år, kan vi legge til grunn at det er føreteke feil utbetalingar i storleiksorden 50 millionar kroner.

I oppsettet har vi heller ikkje teke med nokre slaktemerdar som har fått pengar frå fondet, men som utifrå våre opplysingar ikkje har hatt drift på fleire år.

Fiskeridirektoratet kommenterer seinare

Vi sende onsdag føremiddag over funna våre til Fiskeridirektoratet. Seksjonsleiar Anne Osland ringde tilbake og varsla at dei ikkje hadde tid eller høve til å kommentere ei såpass kompleks sak på kort varsel. Det var i fylgje Osland heller ingen andre som kunne kommentere saka.

– Vi kjem tilbake neste veke med ein nærare kommentar, seier Osland.