– Du må ikkje vere Liverpool- eller Tottenham-supporter. Du treng ikkje å like fotball heller. Vårt mål er at dette skal bli bra for alle.

Det seier Henning Karlsen, Geir Ivan Torvik, Frank Stenersen og Lasse Myrhol. Dei er elles ein del av ein større gjeng – der både Liverpool- og Tottenham-supporterar er med – som har gått saman for å skape god stemning rundt Champions League-finalen mellom Tottenham og Liverpool komande laurdag.

– Det er heilt sjukt at vi på så liten plass slår opp eit telt på 30 x 9 meter i høve Champions League-finalen, seier Karlsen.

– Men vi har merka interessa rundt omkring. Du ser det til dømes på Kontraskjæret i Oslo, kommenterer dei andre.

Det som kjenneteiknar fotballfestane i Oslo, Bergen og andre stadar rundt omkring er elles folkelivet. Fotballkampen er kanskje det viktigaste trekkplasteret for fotballfansen, men for like mange er det den gode stemninga som lokkar. Også i Fosnavåg skal det sosiale vere i fokus.

– Det viktigaste er det sosiale, og derfor har vi også lagt opp eit variert program. Vi skal mellom anna ha quiz, og eit sveitsisk korps med alpehorn skal spele i teltet, fortel dei.

– Heldigvis er det slik at der det er eit øltelt, der blir det også bra, kommenterer Torvik.

For å gjere supporter-opplevinga komplett fyrer dei også opp grillen.

– Det blir ikkje noko fingermat her. Vi fyrer opp grillen og byr på pølser. Det skal vere skikkeleg «supporter-mat», seier dei.

Også utstyret skal vere toppmoderne.

– Vi har proft utstyr, både med tanke på lyd og bilete. Vi kjem til å sette opp tre-fire skjermar med bra format, fortel arrangørane.

Håper på fullt telt heile helga

Det er elles berre plass til 300 personar i teltet, då reglane for vakthald rundt arrangement med skjenkeløyve er strenge.

– Til sjølve Champions League-finalen er teltet nesten fullt. Så her må ein vere rask om ein skal sikre seg plass. Samtidig håper vi på fullt telt resten av helga også. For her blir det god stemning, lovar Karlsen, Stenersen, Torvik og Myrhol.

Dei vil samtidig nytte høvet til å takke alle som stiller opp gjennom helga.

– Utan dei frivillige hadde vi ikkje kunne arrangert dette. Det er ein god gjeng med stor dugnadsånd som står bak, seier dei.

Dugnadsgjengen byrjar elles å rigge opp festivalteltet onsdag kveld. Det betyr samtidig at parkeringsplassen ved rådhuset vil vere stengt frå onsdag ettermiddag og fram til søndag.

Programmet

Som arrangørane seier er det lagt opp til eit variert program i festivalteltet. «Champions League-festivalen» byrjar allereie fredag kveld. Då vil det vere trubadur i teltet, men også den første av to quizar.

– Dette vil vere ein klassisk quiz. Her blir det lett blanding, og med ein god del musikk, seier Myrhol.

Laurdag vil festivalteltet vere opent stort sett heile dagen. På dagtid skal mellom anna det sveitsiske korpset Musikklaget Perlen – Buchrain opptre, i samarbeid med Herøy Janitsjar. Før Champions League-finalen skal sparkast i gang i Madrid, blir det også ei ny runde med quiz.

– Dette blir ein sportsquiz, og med eit stort fokus på Liverpool og Tottenham, fortel Myrhol.

Overskot til sportsbar

Gjengen som no går saman for å arrangere fotballfest i Fosnavåg har også ein større plan, om enn litt på sikt. Dei vil nemleg etablere ein sportsbar i Fosnavåg. Derfor vil eit eventuelt overskot frå helga gå uavkorta til sportsbar-prosjektet.

– Vi håper dette kan vere starten som gjer at vi kan kome oss vidare med prosjektet, avsluttar dugnadsgjengen.