Vegard Håheim Elveseter, Markus Kjelsli Ihle, Kristoffer Dahlstrøm og Tommy Malins starta alle Bergsøy sin kamp mot Valder i 4. divisjon fredag.

Søndag var dei også med mot stakkars Flø i 6. divisjon. Tek ein med at også Jakob Nerland og Fredrik Muren spela kampen, var det eit svært god Bergsøy 2-lag i aksjon.

Og det gjekk som det måtte gå. 5–0 ved pause, vart til slutt til 9–0 for Bergsøy. Truls Solvang Ristesund (3), Vegard Håheim Elveseter (2), Fredrik Muren (2), Arsene Simbi og Trym Rekkedal scora måla.

Vanylven tok også tre poeng, då Torgeir Halsen og Uchin Cho sikra 2-0-siger mot Vartdal.

Denne veka er det nye kampar i sjettedivisjon. Og på Tjørvåg stadion er det onsdag kveld klart for duell mellom Tjørvåg og Flø. Begge laga står utan poeng så langt, og betre sjanse får nok ikkje Tjørvåg med det første. Same kveld møter Gjerdsvika/LGFK 2 Vartdal borte.

Bergsøy 2 skulle møte Vanylven onsdag, men den blir flytta på grunn av A-kampen mellom Bergsøy og Emblem.