– Det var veldig kjekt, spennande og pittelitt skummelt.

Det seier Sarah Viola Wilnes, som er éin av to elevar som representerte Stokksund skule i storjuryen under Litteraturfestivalen i Lillehammer, 21. til 26. mai. Den andre var Ingeborg Moltumyr.

9. klasse ved Stokksund skule har, saman med seks andre niandeklasser over heile landet, jobba mot denne hendinga i lang tid. Tysdag reiste dei på klassetur nedover, onsdag debatterte Sarah og Ingeborg i storjuryen, og torsdag vart vinnaren annonsert under den store prisfesten.

Anna 1.-plass

– Alt som skjer i storjuryen er hemmeleg, og vi fekk ikkje røpe kven vinnaren var til nokon, fortel Sarah.

Det var fem nominerte bøker: Sabotør av John S. Jamtli, Slepp meg av Kathrine Nedrejord, Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Til ungdommen av Linn Skåber, illustrert av Lisa Aisato og Bare spille ball av Michael Stilson.

Etter ei røysterunde i klassen, vart det avgjort at Sarah og Ingeborg skulle argumenterte for at boka «Slepp meg» av Kathrine Nedrejord burde få årets upris.

– Boka handlar om ei jente, Anna, som har ei veldig manipulerande venninne. Vi trekte fram dei positive sidene ved boka, som at ho er spennande og at du kan relatere til hovudpersonen. Og så påpeika vi dei negative sidene ved ein del av dei andre bøkene, seier Sarah.

Det vart elles ikkje «Slepp meg», men «Bare spille ball», ei bok som Stokksund-elevane hadde på 3.-plass, som til slutt fekk flest røyster i storjuryen. Prisen vart tildelt debutforfattaren Michael Stilson under prisfesten torsdag 23. mai. Der var også dei andre nominerte forfattarane til stades.

– Kjekk tur

– Prisutdelinga var det kjekkaste på heile turen. Då vart først vinnaren presentert, og så fekk vi høyre eit lite utdrag av boka. Vedkomande som las har stått på pallen i NM for høgtlesing, fortel Tobias Myklebust Rønnestad.

Bjørgun Karen Skivik Moltu er einig, men legg til:

– Det var kjekt å sjå litt av Lillehammer også – og å få sosialisere med andre ungdommar.