– Det skjer noko med deg når ein får på seg eit nummer på brystet.

Det sa ein utsliten Kai Igesund Yndestad til Vestlandsnytt i det han kryssa mållinja etter den tunge «Moltu-mila» fredag kveld. For ein skal sveitte litt, puste og pese på dagar som desse. Fredagens aktivitetar var nemleg startskotet for Moltustranda Mosjonsfestival, ei helg som arrangørane skildrar som ein suksess frå ende til annan. Her samla både bygdefolk og tilreisande seg ved den lokale Coop-butikken på Moltu, der det var stelt i stand utescene, sal av mat og aktivitetar for dei yngste.

Populær opning

Vestlandsnytt vitja festivalen fredag, og arrangementet vart då sparka i gang med besøk frå ein spesiell gjest. Inn på parkeringsplassen rulla to store brannbilar, og i den eine sat brannbamsen Bjørnis. Barna flokka til for å helse på brannvesen-maskoten. Etter den vellukka starten, var det tid for helgas fyrste konkurransebolk, med «mini-mil» for barna og «Moltu-mil» for dei med lengre føter. Det blei ikkje sett noko løyperekord i dette løpet, men dei deltakande leverte likevel imponerande resultat. I herreklassa var det Bjørn-Edvard Sævik som var raskast, med ei bestetid på 43 minutt og eitt sekund. Blant damene var det Siv Grethe Berge Hoff som var kjappast, med ei tid på 47.25. 22 personar hadde meldt seg på mosjonsklassa, medan 15 deltok i konkurranseklassa, og heile 38 var med på mini-mila.

Løyperekord i motbakkeløpet

Resten av helga gjekk slag i slag, med mykje variert program. Laurdagen starta med gratis frukost i festivalteltet. Det lokale korpset spelte, og lokale talent fekk vise seg fram på scena. Trylling blei det også, ved unge, men profesjonelle og godt kjende «Miss Aurora».

Av mosjonsaktivitetar var det fyrst og fremst det etablerte motbakkeløpet som stod for tur på laurdag. Her blei det faktisk sett løyperekord i herreklassen, då Kristoffer Haugen sprang til topps på imponerande 33 minutt og 19 sekund. I kvinneklassa var det Birgitte Grongstad Kvalsvik som var raskast opp, med ei tid på 49.42. Her skal det nemnast at Wenche Bjørkeng låg hakk i hel, berre fire sekund bak Kvalsvik. Det var 21 påmelde i konkurranseklassa, 36 i mosjonsklassa og 11 i minimotbakkeløpet.

Laurdagens seanse vart avslutta med dans med Livin West.

Flytta deler av festivalen inn

Til forskjell frå tidlegare år, blei delar av søndagens program arrangert ved grendehuset på Moltu. Her var det ulike aktivitetar, som til dømes fyrstehjelpskurs ved Røde Kors og show-kamp mellom Moltustranda oldboys og youngboys gutelag anno 1983. Dagens hovudaktivitet i mosjonskategorien var likevel Tour de Moltu sykkelløp, med eigne versjonar for både vaksne, familie og barn. Børge Remøy kom på fyrsteplass i herreklassa, med ei bestetid på 1.10.53. Rebecca Louise Knotten var einaste kvinna som deltok i konkurranserittet og blei dermed best i den klassa, 1.37.15.

– Ikkje mange nei

Festivalsjef for året, Heidi Tarberg, er ikkje anna enn storfornøgd med korleis festivalen utarta seg. Ho er imponert over innsatsen blant bygdefolket.

– I forkant spurte vi mange om å bli med på å arrangere, og det har ikkje vore mange nei altså. Dette er ei skikkeleg dugnadsbygd, skryter Tarberg.

– Årets festival har vore ein suksess frå fredag til søndag, med godt oppmøte, legg ho til. Ho rettar også ei ekstra takk til resten av styret for årets festival, som har bestått av Nikoline Lillestøl-Moltu, Erik Slettebakk, Håvard Warholm, Pilar Moltu, Sara Ytrebø Rødset, Julie Tarberg og Lise Mette B. Jelle.