Fiberkundane til Tussa opplever no at produktet vert utvida. Farta går opp. Med denne endringa fylgjer også ein prisauke på Tussafiber.

– Eg har ikkje bede om denne endringa og synest det er temmeleg spesielt av Tussa å kome med slike endringar utan at kunden er spurt om det, seier Konrad Lillebø.

Vi møter pensjonisten heime på Larsnes. Han og kona bur i huset. Dei har eit såkalla 50/50-abonnement. Det inneber at nedlasting og sending av data føregår på ei 50 Mb/s-linje.

Nytt produkt og prishopp

For nokre veker sidan, fekk Konrad, til liks med andre kundar, e-post om ei endring.

– For vår del skisserte dei at kapasiteten vert auka til 150/150. Ein konsekvens av dette er at eg må betale 1.332 kroner meir i året, seier han.

– Linja vi har, held. Vi har ofte storfamilien på besøk. Barnebarna våre sit her med mobilar og maskiner, og sjølv då er kapasiteten meir enn god nok, forklarar Lillebø.

Han seier han tok kontakt med Tussa om saka.

– Eg sa korleis stoda var, at eg ikkje har behov for noko utvida abonnement. Eg varsla også at eg vil ha ei skriftleg tilbakemelding.

To minutt etter at samtalen var over, fekk Lillebø ein e-post frå Tussa sitt kundesenter.

– Der stod det at eg ikkje hadde noko val, seier Konrad Lillebø.

Han spør om det etiske og lovlegheita ved ein slik framgangsmåte.

– Det er prinsippet eg stiller spørjeteikn ved. For ein del år tilbake, vart det til dømes oppstyr då nettleiga vart auka med eit par øre. No for tida ligg det nærast ei forventing om at folk skal finne seg i alt. At ein berre skal godta slike endringar utan vidare. For min del stussar eg veldig i måten dette blir gjort på, og eg har høyrt fleire som seier det same, seier Konrad Lillebø.

– Tilpassar produkt og pris til marknaden elles

Vi tok kontakt med adm.dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT. Han seier dei ikkje har merka nokon straum av klager eller synspunkt på omlegginga som vert gjort gjeldande frå 1. juni.

– Det som skjer no er ei tilpassing til marknaden. Det gjeld også prisomlegginga, seier Driveklepp.

Han seier at innføringa av 150/150 som det minste alternativet vil vare ei stund framover, men at det er marknadssituasjonen som vil avgjere kor lenge det vil vare.

– Nokre vil nok oppleve at dette er meir enn dei treng, men vi tilpassar «pakkane» til den bruken som er mellom kundane i dag. Ikkje minst med tanke på kor mykje streaming som i dag skjer mellom mange. Utviklinga går raskt på dette området seier Driveklepp.

Han seier det heller ikkje er vurdert som aktuelt å ha ei «smal linje» for dei som ikkje har behov for meir data.

– Skulle vi ha noko som passar for alle sitt behov, måtte vi hatt svært mange ulike produkt. Det ville vere ressurskrevjande å forvalte.

Driveklepp minner om at det heller ikkje er mange år sidan mange var nøgde med ei 2 Mb/s-linje.

– Utviklinga går i denne retninga. Bruk og etterspurnad vil halde fram med å auke framover.

– Tussa har monopol på fiber fleire stadar. Er ikkje dette utnytting?

– Nei, vi er veldig bevisste på å ikkje utnytte at vi har ein sterk posisjon i enkelte område, og vi legg oss på same nivå som konkurrentane. I framtida kan det også hende at linjene blir opna for fleire aktørar, og difor er det rett og rimeleg at vi held oss på eit rett nivå, seier Tussa-direktøren.

– Vi er også opptekne av at flest mogleg skal få eit fibertilbod, og vi har mange dugnadsprosjekt på gang der vi får bygd ut fiber i grisgrendte strøk.

Driveklepp avviser også at det er noko uetisk over framgangsmåten med å endre produktet og prisane.

– Framgangsmåten er i tråd med det som er vanleg i denne bransjen, seier han.