Det skriv Kristine Håheim Vike (26), som er utdanna lærar, i ei melding til Vestlandsnytt.

Ho og veslesystera, Helene Håheim Vike (20), har no vore på verdsreise i om lag fem månadar, med unntak av ein liten heimevisitt i påska. Så ofte dei kan, delar dei inntrykka og opplevingane sine på reisebloggen, paavandring.com.

– Sidan vi sist publiserte noko på bloggen, har vi vore i Laos, Vietnam, heime i ti dagar, Kuala Lumpur og Singapore, og no er vi på Bali!

Ei unik oppleving

I Laos jobba søstrene som frivillige engelsklærarar i to veker.

– Det var ei heilt unik oppleving og ikkje minst ei utfordring, fortel Kristine.

Men det var også særs givande, synest dei.

– Det var heilt fantastisk å kome så tett på lokalbefolkninga og verkeleg kjenne på at vi gav dei noko. VI bidrog. For utan frivillige lærarar, lærer ikkje ungane engelsk på skulen, ettersom deira vanlege lærarar ikkje kan det. Og jammen birdog det til at eg vart ein betre lærar også. Og Helene fekk så framfor ei klasse for første gong (eit naturtalent).

Fekk nysgjerrige blikk

Kristine er oppteken av å bruke song og musikk i undervisninga, noko søstrene var fast bestemte på å tilføre klasseromma i Laos også.

– Vi hadde med ein høgtalar, og med den spelte vi av «Sing a Rainbow» og «Let it Go», til stor begeistring for barna. «Sing a Rainbow» var ein så stor hit at dei song av full hals, og dei ville gjerne syngje han minimum to gongar for dag. Til «Let It Go» dansa vi så sveitta rann, alle mann – med resten av skulen spionerande inn gjennom vindauget. Dei var ikkje vande med slik ståhei i eit klasserom, og iallfall ikkje med lærarane i spissen.

Det sjukaste ...

Forskjellane mellom undervisningstilbodet i Noreg det i Laos gjorde spesielt inntrykk på Kristine.

– Det sjukaste med å skulle undervise her var å oppleve forskjellane. Vi hadde ei tavle og krit. Elevane hadde bok og blyant. Nokre hadde fargar, men det var berre om dei hadde fått heime. Det var det. Ingen datamaskin eller internett. Inga moglegheit til å kunne velje og vrake i lærebøker alt etter kva fag ein skal undervise i. Inga planleggingstid eller innføring i korleis ta vare på elevane si mentale helse. Korleis dei skal verte gode venner, skriv Kristine på bloggen, og held fram:

– Dersom nokon ikkje oppførte seg, fekk dei eit klaps på hovudet, utan at det var noko vondt i læraren av den grunn. Ho var veldig snill og hadde eit stort hjarte for barna, men det er tradisjon.

Du kan lese det fullstendige blogginnlegget om opplevingane i Laos og sjå mange fleire bilde på søstrene sin blogg, www.paavandring.com. Dei er også på Instagram.