– Inn i debatten om forureining, er dette eit konkret tilfelle som synleggjer kor store problema er.

Det seier Johan Moltu om helgas oppleving, då han og hans passasjerar blei redninga for ei havsule som var surra inn i eit fleire meter langt nylontau.

Det byrja elles som ein heilt vanleg tur då Moltu og fem passasjerar, deriblant tre engasjerte fotografar frå Lærdal, la ut frå Rundehamna med Moltu sin båt «Aquila» søndag 19. mai.

– Vi gjekk utover til fuglefjellet og såg på lundane og havsulene. Etter at vi hadde sett på alt nylontauet og plastikken som er opp i reira, så gjekk vi eit stykke rett vestover, der havsulene har tilhald og ligg på sjøen. Fotografane likar veldig godt å ta bilete av dei i det dei lettar, fortel Moltu.

Men denne gongen blei det ei annleis oppleving.

– Då vi kom ut dit såg vi at ei av havsulene kjempa, men ikkje kom seg opp. Då vi kom nærmare såg vi at der var eit fleire meter langt nylontau som var festa rundt havsula. Eg visste frå tidlegare av at det ikkje er så enkelt å få tak i havsulene og få laus tauet, då dei gjer alt dei kan for å kome seg unna om du kjem nær dei, seier Moltu.

– Havsulene er veldig aggressive

I dette tilfellet var tauet så langt at Moltu og passasjerane lukkast med å få tak i det.

– Vi klarte å kome nær, og fekk havsula heilt oppunder båtsida. Då utstyrte vi ein av passasjerane med hanskar, fordi havsulene er veldig aggressive når du kjem nær dei. Etter kvart fekk vi også tak på havsula, slik at vi fekk ho opp på rekkverket. To mann jobba med å få ho laus frå nylonet som var surra rundt ho. Til slutt fekk vi av tauet, og når ho var laus flaug ho som at alt var såre vel, fortel Johan.

Men han er samtidig klinkande klar på at det ikkje alltid går bra.

– Heldigvis klarte vi å berge denne. Men eg har tidlegare opplevd at tauet rundt har vore kortare, og då får ein ikkje tak på dei, seier Moltu.

Han er elles førebudd på å oppleve liknande situasjonar fleire gongar i løpet av sommarsesongen.

– Av ein eller annan grunn likar havsula å bygge reir av nylon. Når ho finn det hukar ho det med seg, og i mange tilfelle klarer dei ikkje å kvitte seg med det. Så det er mange havsuler som har måtte bøte med livet fordi dei ikkje klarer å bli kvitt nylonet, seier Moltu.

Anbefaler alle å ha hanskar

Etter opplevinga sist helg kjem Moltu til å gå til innkjøp av betre utstyr.

– Eg kjem no til å kjøpe to par med dei kraftigaste hanskane som er å få kjøpe, seier Moltu og fortel at sjølv han som hadde på seg hanskar opplevde smerter etter møtet med havsula.

Han kjem samtidig med eit tips til dei som er ute å ferdast på havet;

– Ha i alle fall eitt par kraftige hanskar, for når du kjem over slike situasjonar føler du jo at du må gjere det du kan for å hjelpe. Og skal du hjelpe må du vere klar over at dei er aggressive, og kjem til å angripe, seier Moltu.

Han fortel vidare at også den andre båtføraren, Bjørn Gustavsen, har vore ute for liknande.

– Han nytta då eit stort handkle til å kaste over fuglen, og fekk på den måten hemma havsula såpass at han fekk tak i den. Så det kan vere eit godt tips å ta med eit golvteppe, handkle eller liknande også, avsluttar Moltu.