– Truleg vil ikkje pasientane merke det stort. Eg kjem til å halde fram med fastlege- og sjømannslege-praksisen som før, på akkurat same premissane.

Det seier Jan Magne Remøy. Legen som for tida arbeider på Herøy legesenter, gjer seg no klar for å satse for seg sjølv i Elfo-bygget på Myklebust. Her, på bakkeplan i dei same lokala som Ko-Ko tidlegare hadde utsal, har Remøy kjøpt 250 kvadratmeter for å starte eit nytt legesenter.

– Eg jobbar no med å rive ned gamle vegger og golv, og er godt i gang med å stelle i stand det som skal blir moderne fasilitetar. Her er god plass til parkering og tilkomst med tanke på universell utforming. Utstyret blir av same standard som på alle legekontor, naturlegvis av nyaste sort, seier Jan Magne til Vestlandsnytt.

Opnar til hausten

Remøy fortel vidare at han tek sikte på å opne det nye senteret allereie til hausten 2019, med eit lite atterhald om noko uføresett skulle oppstå. Frå og med då blir han å finne på dette kontoret.

Jordmorpraksis også

Remøy blir den einaste legen på huset, men han er allereie i prosessen med å tilsette ein eigen sekretær.

– I tillegg har eg fått med meg jordmor Nina Olsen, og ho vil ha kontor her. Ho driv privat jordmorpraksis, forklarar Remøy.

– Utover dette har eg også fleire tilgjengelege lokale for framtidig satsing, utan at eg har planar for dette enno, held han fram.

Olsen fortel til Vestlandsnytt at ho gler seg til innflyttinga.

– Å jobbe vegg i vegg med ein lege er ei styrke for meg og han. Eg tilbyr også generell helsehjelp for kvinner, så dette trur eg blir kjekt, seier ho.

Dette betyr det for deg

Er du blant dei 1050 pasientane som står med Jan Magne Remøy som fastlege, vil denne nye praksisen, som Remøy sjølv påpeikar, ikkje ha veldig mykje å seie. Dei held fram som hans pasientar. Einaste konsekvensen blir at ein må møte opp i dei nye lokala om ein skal til fastlegen.

– Prisane er dei same som med eit vanleg legekontor. Den einaste forskjellen er at det er eg som eig bygget og at eg sjølv tilset personale.

Om folk skulle merke noko forskjell, så ser han føre seg at det vil vere av den gode sorten.

– Eg vil ha berre mine pasientar å fokusere på, og dei vil ha berre ein person å ta omsyn til. Ein vil forhåpentlegvis sleppe vikarstafetten, og det blir rolegare rundt øyra til meg og pasientane, forklarar han.

Men kvifor starte for seg sjølv?

Grunnen bak at Jan Magne vel å satse for seg sjølv er på langt nær økonomisk. Legen er faktisk open om at dette er noko han truleg vil tape på økonomisk. Valet har rett og slett med familie å gjere. Jan Magne har etter kvart etablert seg ein stor familie, og han fortel at han treng meir føreseielege forhold for å sjonglere rollene som familiemann og lege.

– Det har vore mykje jobb og ekstra ansvar på legekontoret i Herøy, og eg håpar eg no vil få litt meir føreseielege rammer, forklarar Remøy, som elles er open om at fastlegesituasjonen i landet er krevjande.

Han fortel at det spesielt i distrikta er legemangel. Dette har med tida gjort det til eit tyngjande ansvar for dei som praktiserer yrket, med periodevis ansvar for fleire pasientar enn dei ein primært har ansvaret for.

– Spennande

Elles seier Remøy at han er klar for den nye utfordringa.

– Det er klart det er litt skummelt å starte slik på eiga hand, det kostar mykje. Men eg trur dette blir veldig gøy og utruleg spennande, avsluttar han.