Havila Shipping ASA i 1.kvartal: Resultat før skatt på minus 91,9 millionar

Havila kom onsdag med resultatet for 1. kvartal 2019. Inntektene er høgare, men reiarlaget driv framleis med underskot.

Illustrasjon 

Nyhende

Havila Shipping ASA hadde eit resultat før avskrivingar på NOK 34,3 million i 1. kvartal 2019, mot NOK 18,1 million i 1. kvartal 2018. Totale inntekter var NOK 148,5 million i 1. kvartal 2019, mot NOK 124,7 million i 1. kvartal 2018. Det skriv selskapet i ei børsmelding på onsdag.

Resultat for 1. kvartal 2019

Totale inntekter var NOK 148,5 million (NOK 124,7 million).

Totale driftskostnadar var på NOK 114,3 million (NOK 106,6 million).

Driftsresultat før avskrivingar blei NOK 34,3 million (NOK 18,1 million).

Avskrivingar var NOK 79,9 million (NOK 89,9 million).

Netto finanspostar var NOK -45,3 million (NOK -5,6 million), derav urealisert agio gevinst var NOK 8,6 million (urealisert agio gevinst NOK 39,4 million).

Resultat før skatt blei NOK -91,9 million (NOK -80,4 million).


Konsernet hadde 3 AHTS fartøy i opplag ved utgangen av 1. kvartal 2019. Flåteutnyttinga  i 1. kvartal 2019 var på 79 % eksklusive fartøy i opplag.