I helga delte vi ei sak frå formannskapet i Sande på Facebook. Her kom det mange kommentarar imot «flørtinga» med vindkraft i lokale fjell.

– Trist å lese. Har politikarane gløymt at sentralmakta avslo å gje konsesjon sist det var søkt, skriv Hallvard Slettevoll.

– Skal vi rasere urøyvd natur for alltid? Turbintroll på 250 meter? Nei takk for min del, kommenterer Mathias Gjerde.

Kari Smådal Turøy ber alle gode krefter om å gå saman om å ta vare på den fantastiske naturen før det er for seint.

Knut Asle Goksøyr slår enkelt og greitt fast: NEI!

Jarl Molnes meiner det einaste ein sit att med om det kjem vindturbinar på fjella, er at ein sit att med eit kystfjell-landskap som blir rasert og øydelagt for alltid. Vend i tide, seier han.

Tom Christian Nygard meiner det er råd å ta ut 20 prosent meir frå eksisterande vasskraft.

– Om Europa treng energi, så får dei rasere sin eigen natur.

– Galskap, skriv Eli Oddrun Vassdal Dahle.

Dette var berre eit utval av – og nokre utdrag frå – kommentarane.