I veka som gjekk kunne Sildelaget loggføre ny omsetningsrekord for tobis med heile 31.000 tonn. Dette er det største vekeskvantumet med tobis som vi finn i omsetningsjournalen som går tilbake til 2002.

Det slår salsleiar Odd Fredrik Andersen fast i oppsummeringa si om «fiskets gang» i veke 20. Veka før blei det fiska 17.400 tonn som då var den beste veka så langt i sesongen.

Høge verdiar

Høge prisar gjer at rekordane i det siste har stått for fall også når det gjeld verdiane  tobisfisket. Nordsjøbas sette som kjent ny rekord då båten leverte ein fangst på 1600 tonn til ein verdi av 4,8 millionar kroner.

Ei veke seinare var tilbake hos Pelagia Karmsund med ny rekordfangst. Denne gongen med 1850 tonn, men dei to andre herøybåtane var ikkje mykje dårlegare.

Same dag kunne nemleg Herøyfjord sette kurs for Vedde med 1840 tonn om bord, medan Gollenes gjekk til Hanstholm i Danmark med sine 1400 tonn.

Dei tre herøybåtane gav dermed eit skikkeleg bidrag til at laurdag 18. mai blei rekordvekas beste dag med 11.580 tonn fordelt på ni enkeltfangstar.

Større kapasitet

Ifylgje salsleiar Andersen skuldast det rekordstore kvantumet ikkje berre godt fiskeri, men også at lastekapasiteten på fartøynivå har blitt mykje større. Til dømes lastar Herøyfjord og Nordsjøbas så mykje at dei kan greie å ta sine tilmålte 6500 tonn på mindre enn fire fulle lastar.