Etter at Kystverket fekk i oppgåve å avhende dei fiskerihamnene som blir vurdert til å ikkje vere næringsaktive, har det i fleire år vore usikkerheit rundt fem fiskerihamner i Herøy. Men i mars gjekk kommunestyret inn for å kjøpe Runde, Kopperstad, Bøvågen og Skorpa fiskerihamner. Framtida til den siste, Sandebukta hamn, er derimot framleis usikker, ettersom kommunestyret med knappast mogleg margin sa nei til kjøp. I desse dagar blir hamna tilbode til private lag og foreiningar, og fleire fiskarar fryktar at dei ikkje lenger kan nytte seg av hamna.

– Kva er det vi kjøper?

Førre gong kommunestyret var samla nytta Frank Roy Moltu (Sp) høvet til å stille fleire spørsmål rundt prosessen.

– Bøvågen og Sandebukta skil seg frå dei andre, då Kystverket ikkje tok over grunnen då fiskerihamnene blei oppretta. Grunnen er difor framleis eigd av dei lokale grunneigarane. Det Kystverket har, er ein tinglyst bruksrett. Det same som dei lokale fiskarane og Herøy kommune. Når Herøy kommune bestemmer seg for å kjøpe Bøvågen, kva er det då vi betaler Kystverket for? Er det bruksretten som Herøy kommune allereie har?

Moltu minna deretter om at det er Herøy kommune som har reguleringsmynde over desse hamnene.

– Hamnene er regulert til næring, og næringa er fiskeri. Grunneigarane i området har avsett grunn utan kompensasjon. Det gjorde dei for at hamna skulle bli brukt til fiskeriføremål. Har Herøy kommune sikra at lovnadane ovanfor grunneigarane blir sikra ved eit eventuelt sal, og har Kystverket lov til å selje desse eigedomane til fritidsbruk når dei er regulert til næring?

Fryktar blokkering

Han stilte også spørsmål om kor vidt Herøy kommune har sikra sine eigne og fiskarane sine interesser når Kystverket no vil avhende bruksretten til ein ukjent aktør.

– Korleis kan vi sikre oss at det ikkje kjem inn ein aktør som blokkerer dei lokale fiskarane sine aktivitetar tilknytt fiskeri, som er og var intensjonane med å opprette fiskerihamnene i utgangspunktet, undra Moltu.

– Kystverket eig ikkje grunn på nokon av hamnene

Moltu fekk svar på sine spørsmål og bekymringar frå ordførar Arnulf Goksøyr (H).

– Dette er hamner eigd av staten, ved Kystverket, der deira rettigheiter er sikra gjennom grunneigarerklæringa. Desse rettigheitene er eit forhold mellom grunneigarane og Kystverket, og kommunen gjer ikkje juridiske vurderingar av forhold som ikkje vedkjem kommunen. Kystverket eig ikkje grunn på nokon av dei statlege fiskerihamnene i Herøy. Dette gjeld også dei hamnene kommunen skal overta, og er ikkje unikt for Sandebukta og Bøvågen hamn. Det kommunen kjøper er kaier og molokonsentrasjonar, og ikkje grunn eller bygningar, svara Goksøyr.

Han minna samtidig politikarane på at dette også var ein del av saksopplysninga til saka om kjøp av fiskerihamner. Goksøyr meinte også at Herøy kommune sine interesser er varetekne ved alle hamnene, blant anna gjennom forkjøpsretten som kommunen fekk.

– For dei hamnene kommunen skal overta blir grunneigarerklæringane, med alle rettigheiter og plikter, transportert til kommunen. Kommunen kan også sikre sine interesser i kommuneplan eller reguleringsplan. (…) Det er ikkje utarbeidt reguleringsplan for Sandebukta hamn, men arealet er avsett til hamneområde. I desse sjøområda er det viktige interesser for skips- og båtferdsel, i tilknyting til etablert og planlagt hamneanlegg. Desse bruksinteressene skal ha prioritet. Nærare bruksreglar kan fastsetjast av kommunestyret etter hamnelova. (…) Rettigheitene som gjeld grunn avsett til fiskeri eller allmennyttig føremål er grunn som ligg utanfor moloane. Ved sal til private aktørar vert desse rettigheitene vurdert av Kystverket i kvart enkelt tilfelle, svara Goksøyr.

– Skal vere tilgjengeleg for alle fiskarar

Frank Roy Moltu var ikkje heilt einig i alt ordføraren sa, og slo fast at hamnene skal vere tilgjengeleg for alle.

– Ved alle hamnene har fiskarar som ikkje kjem frå Herøy krav om å få å leggje til. Dei lokale fiskarane skal ha tilgang til å hale i land garn, ein bruksrett dei alltid har. Det står i erklæringane, avslutta Moltu.