Dette stiller Kåre Jensholm seg undrande til og viser til at fleire tusen gåande og syklande ferdast på denne strekninga i løpet av eit år.

Hundre tusen gjester

Lanternen har over hundre tusen gjester i året. Vi har hytter med 75 senger, camping og båthamn med 500 plassar i tillegg til kafe. Det er veldig populært å sykle eller gå til Herøy gard, slår Jensholm fast i ein epost til vegvesenet.

Mange av dei gåande er museumsbesøkande som må nytte parkeringa ved Lanternen i mangel på parkeringsmulegheiter ved Herøy gard.

Eg rekner også med at Vegvesenet eig grunnen på vestsida av vegen mellom Jensholmen og Notøya. No skal det fyllast masse stein til den mellombelse brua. Når den skal fjernast er det berre å flytte massene over vegen og gangvegen er ferdig.

Er det vilje til å gjere noko, så er det fullt muleg. Vis handlekraft, oppmodar Jensholm.