Bebyggelsen skal tilpasse seg naturen og ikkje omvendt. Det understrekar Fylkesmannen i ein merknad til detaljreguleringsplanen for Runde panorama.

Ikkje minst i eit sårbart område som dette meiner Fylkesmannen det er viktig at bygging skjer på naturen sine premissar. Difor rår han kommunen frå å godkjenne fritidshus som er to meter høgare enn det som kommuneplanen tillet.

Vi er uroa for at nokre av hyttene med slik høgde vil bryte siluetten i terrenget, noko som ikkje er god landskapstilpassing, skriv Fylkesmannen i merknadene til det offentlege ettersynet for Runde panorama.

Planframlegget legg til rette for ni hytter med tilhøyrande anlegg i området ved Christineborg. Fylkesmannen rår også frå bygging av uthus i tilknyting til hyttene.