- Dette blir kjempespennande. Eg har vore med på nybygg ein gong før, i 2003, og det var kjekt. Vi er veldig glade for å ha fått med oss Marin Teknikk på dette. Det seier Roy Skår til Vestlandsnytt, då vi møter han og representantar for Marin Teknikk på kaia på Eggesbønes måndag morgon.

I dag avslører nemleg Skår Senior nemleg planane for det som vert ein ny kystbåt for pelagisk fisk. Båten vert 48 meter lang og 12 meter brei, større enn kystbåten dei har i dag, MS Jøkul, som er 40 meter lang og 10 meter brei.

- Vi utformar båten slik at han kan gå lenger ut i havet, då vi trur fisken kjem til å trekke utover. Lastekapasiteten blir den same, 499 kubikk, opplyser Skår.

Namnet på båten skal vere Skår Senior, oppkalla etter den fyrste båten reiarlaget eigde.

Roy Skår: Skår fortel at han gler seg over arbeidet med å bygge ein heilt ny kystbåt Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Får trål

Ein måte den nye kystbåten skil seg ut i frå dagens båt som reiarlaget driftar, er i det faktumet at han vert utstyrt med trål i tillegg til ringnot.

- Det er no innført fritt reiskapsval som gir oss moglegheit for å tråle om det er vanskeleg å ta fisken med nota, og enkelte tider er fisken lettare tilgjengeleg for trål. Difor blir båten utstyrt med trålarutstyr, seier Skår.

Marin Teknikk med på laget

Det er Herøy-selskapet Marin Teknikk som har fått oppdraget med å levere eit komplett design på den nye båten. Dette blir elles den fyrste kystbåten dei designar.

- Vi har teikna reketrålar for reiarlag i Herøy før, men dette er den fyrste kystbåten vi jobbar med. Vi gler oss til å ta fatt på oppgåva. Vi er svært takksame for at vi får jobbe med eit så oppegåande reiarlag som Skår Senior er. Dei er eit aktivt reiarlag, innan denne typen fiskeri, og er det alltid kjekt å jobbe med lokalt næringsliv, forklarar salssjef for Marin Teknikk, Richard Gjerde.

- Det er fordelaktig at vi er såpass nær kvarandre. Dette gjer at vi, i endå større grad, aktivt kan involvere Skår Senior i designprosessen. Dette blir ei ny erfaring for oss, og vi treng kompetansen til reiarlaget for å utvikle det som forhåpentlegvis blir ein endå betre båt, der vi også vil bidra med lutt nytenking, legg Svein Rune Gjerde, dagleg leiar i Marin Teknikk, til.

Marin Teknikk opplyser elles at det nye designet vil gje ein meir stabil og roleg båt for dei sju sjøfolka om bord.

Båten: Slik skal båten sjå ut. Den blir 48 meter lang og 12 meter brei. Lastekapasiteten blir den same som dagens båt.

Anbod i sommar - ferdig 2021

Det er enno ikkje avgjort kva verft som skal bygge båten, men Skår er klar på at det blir lokalt. Og med lokal meiner han ein eller annan stad i Noreg, poengterer han. Richard Gjerde opplyser om at dei no er i ferd med å førebu eit anbod som skal ut til sommaren.

- Råutkastet av båten er ferdig, men det står endå att mykje flytting og detaljstyring att. Vi leverer ein komplett designpakke. Vi jobbar no med ein anbodspakke som skal ut for prising i løpet av sommaren, opplyser reiaren.

Planen er at den nye båten er operativ mot slutten av hausten 2021.

Familieeigd

Kvalsvik baserte Skår Senior er eit familieselskap der Roy Skår og systera Janita eig til saman 90 prosent. Syskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig ti prosent.