– Vi kunne stå og vaske bilen på fortauet utanfor butikken, for her var nesten ikkje bilar.

Det er det første Åse Myklebust kjem på då Vestlandsnytt spør om kva ho hugsar frå byrjinga sommaren 1969.

Ho var nesten 23 år gammal og kjøpte butikken saman med foreldra sine, Arthur og Magda Sævik.

– Vi heldt til i Risvikhuset overfor Sparebanken Møre, der vi bur i dag, fortel Åse.

Då faren hennar døydde i september 1976, tok ho og ektemannen over alle aksjane, og Terje vart dagleg leiar. Dagens lokale vart bygt i 1984.

– Politiet leigde det meste av 2. etasje, medan Sævik Supply heldt til i 3. etasje. Ved sida av oss var der gullsmed og barneklebutikk, minnest Åse.

Frå kle til reins og gardiner

I løpet av heile den tida A. Sævik har eksistert, har der vore massevis av klesbutikkar i Fosnavåg. Faktisk var der minst like mange i starten som der er no, ifølgje Åse. Men dei fleste finst ikkje lenger.

– Der har vore eit utal av dei som har starta og slutta, seier ho.

For A. Sævik er situasjonen beviseleg annleis. Kanskje har det noko med at dei har fleire bein å så på? Varegruppene deira har vore dei same sidan starten: Kle til damer og menn, reins, solskjerming og diverse tekstilar, som til dømes sengetøy og dukar, og retting av kle.

– Fleire og fleire vil ha hjelp til retting av kle, som til dømes å leggje opp ei bukse, seier Åse.

– Så lenge helsa held

I år er det første gong sidan oppstarten at Terje og Åse skal ta seg ei fire vekers, samanhengande sommarferie. Den er vel fortent.

– Før har vi hatt oss kanskje ei veke her og der, humrar Åse.

Ho har elles trappa ned arbeidsmengda etter at ho vart «pensjonist».

– Eg jobbar no 50 prosent, medan Terje jobbar 100. Men viss vi ikkje hadde vore ved god helse, hadde vi nok gitt oss for lenge sidan, seier ho.

Og så hjelper det sjølvsagt på at dei elskar jobben sin.

– Det er sosialt og kjekt, og vi har ein fantastisk og stabil arbeidsstokk som trivst godt i lag. Ei av dei, Sissel Frøystad, har vore med oss i 46 år og Vivian Håkonsholm har vore her i 21 år, seier Åse og legg til:

– No er vi så heldige at Vivian har kjøpt seg ein liten aksjepost, og viss folk vil ha oss i Fosnavåg, vil ho drive vidare når vi gir oss.

Feiring denne veka

Torsdag, fredag og laurdag inviterer A. Sævik til jubileumsdagar i butikken.

– Vi har fått ein del gåvekort frå leverandørane våre. Alle handlande kundar desse dagane vert med i trekninga av desse. Og så vert det litt å bite i, informerer Åse Myklebust.