Tal Statistisk sentralbyrå presenterte måndag syner at folketalet i Herøy gjekk ned med fem i første kvartal, medan det i same periode vart 18 færre sandssokningar.

I første kvartal vart det også registrert ein nedgang i Ulstein kommune, nærare bestemt på 13 innbyggjarar.

Heller ikkje Hareid (minus 5) eller Vanylven (minus 9) kom utanom tilbakegang i første kvartal.

Stor utflytting

Ser ein litt bak tala, er det hovudsakleg flyttebalansen som fører til nedgang i kommunane.

Frå Herøy flytta det 56 menneske i første kvartal, medan 50 flytta inn. Ulstein hadde heile 110 utflyttingar, og 78 innflyttingar. Sande fekk 31 utflyttingar og 17 innflyttingar i første kvarta. Hareid hadde eit pluss på 3 i flytterekneskapen (50 inn, 47 ut). Vanylven, med 16 ut og 16 inn, hadde balanse her.

Fødselstala

Med 5 fødde og 9 døde fekk Sande eit fødselsunderskot på 4. I Herøy vart det registrert 27 fødde og 26 døde i første kvartal. Ulstein tok seg inn på fødselsbalansen, med 33 fødde og 14 døde i dette kvartalet.

I Vanylven vart det registrert berre 3 fødde, medan 12 døde. Hareid hadde 18 fødde og 21 døde i første kvartal.