– Tanken bak er å gi tilreisande ein forsmak på sommarsesongen på øya før den for alvor byrjar 8. juni til 18. august.

Det seier Lars Gustavsen ved Runde miljøsenteret til Vestlandsnytt.

Dei siste vekene i mai og i starten av juni har senteret nemleg lagt opp til fleire organiserte turpakkar i deira «Møt sommaren på Runde»-konsept. Det uttalte målet: å tilby tilreisande opplevingar kring dyrelivet og den unike Runde-naturen. Som Gustavsen seier, er dette også meint ein smakebit på korleis sommaren kan kome til å bli sjåande ut, sett frå miljøsenteret si side.

– Vi har ikkje spikra programmet for sommaren endå, men tanken vår er å utvikle turpakkar der ein jobbar for å bygge opp lokale reiselivstilbod i kombinasjon med det vi sjølve tilbyr på senteret. Vi er også opptatt av å samarbeide inn mot VistFosnavåg-satsinga for i endå større grad å tilby tilreisande ei heilskapleg plattform å orientere seg gjennom.

– Eit anna viktig mål for oss er at vi utviklar tilbod som er i tråd med berekraftig drift og verksemd. I det ligg det at vi utviklar tilbod som ikkje øydelegg det vil skal presentere, forklarar Gustavsen.

Lokale aktørar med

Med seg på laget har Runde miljøsenter fått nokre lokale aktørar, som dømesvis marinbiolog Saskia Mulder og naturguiden Phil Mansfield i bedrifta Møre-to-Sea. Her står tang og tare i fokus, i ein pakke som inkluderer fjørevandring, taresanking og workshop om bruk av tare i mat. Ein annan som er med på laget er naturguiden Martin Hauge-Nilsen. No, og truleg også utover i sesongen, tek han sikte på å tilby ein lundesafari inklusive matoppleving og filmframsyning ved miljøsenteret.

– Spennande satsing

Hauge-Nilsen seier sjølv til Vestlandsnytt at han er glad for at miljøsenteret har lyst til å ta med seg lokale aktørar i slike pakkesatsingar.

– Det er ei spennande satsing frå miljøsenteret. Eg heiar også på Phil og Saskia sitt tilbod. Pakken der eg er involvert startar på kveldstid, der folk får ete ein middag på miljøsenteret. Etter maten er det framsyning av filmen «Havets sølv», før vi vender nasen opp til fjellet. Her syner eg gjestane lundeura og byr på interessant og relevant informasjon som folk kanskje ikkje visste frå før.

Hauge forklarar at denne kombinasjonen var prøvd ut i påska, noko som blei ein suksess.

– Tilbakemeldingane frå dei som gjennomførte turen var gode.

Han trur heller ikkje at dette er ein pakke som passar berre for tilreisande utanfor regionen.

– Eg er overtydd om at dette er opplevingar som er vel så fine for lokale gjestar, seier han, og viser til at lokale gjestar også har gode erfaringar frå turen.

I neste veke vil ein del tilsette i Berg-Hansen Nordvest teste ut det nye tilbodet, opplyser Hauge-Nilsen.

– Det er litt med tanke på potensialet eg ser i bedriftsmarknaden.