– Vi er heilt avhengige av at dyktig ungdom også søkjer seg til fiskaryrket dersom Noreg skal bli den framtidsnæringa som vi ønskjer. Difor oppfordrar eg alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Alle som fiskar etter sommarjobb kan no registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. I underkant av 200 ungdomar deltok på ungdomsfiske i fjor. Dei fiska til saman meir enn 115 tonn til ein fangstverdi på meir enn 5 millionar kroner. Finnmark og Hordaland toppar statistikken for deltaking.

Ordninga vil gjelde for heile landet, i perioden frå og med 17. juni og til og med 9. august 2019, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.