I desse dagar blir den nye matavfallsordninga innført i Herøy kommune, og i juni og juli kjem Sande etter. Dei fleste av oss er laga slik at varsellampane slår seg på når det gode, gamle endrar seg. Det kan derfor vere greitt å vite litt meir om kvifor den nye ordninga blir innført.

I 2020 vil det gjennom EU-regelverk kome krav om utsortering av matavfall også i Noreg. Ordninga måtte altså kome, anten SSR, politikarane eller innbyggjarane ville eller ei. Ved å sortere ut potetskrellet, bananskalet og kaffigruten, får vi no sjansen til å bruke det til biogass, gjødsel og jord, i staden for å berre sende det til forbrenning. Avfallet ditt blir då til råstoff som kan erstatte olje og kunstgjødsel. Her på våre kantar er vi ute i seinaste laget, då nesten 80 prosent av norske kommunar allereie har innført utsortering av matavfall.

Ein konsekvens av å sortere ut matavfallet, er at innhaldet i restavfallet, altså grønedunken, vil minke. Vi ser at innbyggjarane i Ulstein og Hareid kommune, som har vore i sving med ordninga i fleire månader, meistrar denne utsorteringa godt. Er du flink til å kjeldesortere, skal det altså ikkje vere noko problem med henting av restavfall ein gong i månaden. Mange har mykje å hente på å sortere ut meir plastemballasje, glas og metall frå restavfallet.

Dersom det likevel hopar seg opp med restavfall, kan ein gå opp ein dunkestørrelse, eller kjøpe SSR-merka ekstrasekkar til restavfall til 25 kroner på miljøstasjonen. Ekstrasekken kan ein sette ved sida av restavfallsdunken på hentedagen ved behov. Hadde du budd nord i Trøndelag og skulle gjort det same, ville det kosta deg 150 kroner for ein tilsvarande restavfallssekk. Der har dei den same hentefrekvensen som oss, med restavfall ein gong i månaden. Den same ordninga fungerer fint også i til dømes Volda, Ørsta, heile Nordfjord og Lillehammer-området. Då har vi trua på at innbyggjarane i Herøy og Sande også skal meistre det.

Vi forstår at enkelte ser mørkt på at papirdunken og plastsekken skal hentast ein gong i månaden. Men erfaringsmessig har det til no vore svært mange kvartfulle og halvfulle papirdunkar ved henting kvar 14. dag, og mange som ikkje set ut plastsekken ved kvar henting. Som ein bonus kan SSR-abonnentane sette så mange pappkasser o.l. som dei vil ved sida av papirdunken dersom han er full, ei ordning få andre renovasjonsselskap tilbyr.

Skulle vi ha henta restavfall, papir og plast like ofte som før, og samtidig innført matavfall på grunn av krava frå styresmaktene, hadde det blitt seks hentingar i månaden. For å klare det måtte vi ha hatt både fleire tilsette og fleire bilar – og gebyret ville dermed gjort eit kraftig hopp.

Eigarane våre, politikarane, valde altså å endre hentefrekvensen til det som er standard svært mange andre stader i landet, i staden for å la innbyggjarane måtte ta ei feitare rekning for ei mindre effektiv henteordning. I den nye ordninga er det like mange hentingar som før, fire. Vi brukar like mykje tid, folk og bilar på jobben vi gjer som tidlegare. Skilnaden er at avfallet er betre sortert.

Enkelte er redde for at folk kjem til å kaste ting i naturen ved ei endra henteordning. Vi har trua på at innbyggjarane våre er smartare enn som så. Og så håpar vi at folk kan ha trua på at politikarane og SSR handterer renovasjonsordninga på ein klok måte. Gjennom gjensidig tillit går vi saman eitt steg vidare på vegen mot ei meir berekraftig framtid. Alt som du sorterer ut frå restavfallet, kan bli til noko nytt. Slik får vi brukt ressursane vi hentar ut frå jordkloden fleire gonger, i staden for å heile tida hente ut nye.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål. Takk for at du er med på dugnaden!