Tysdag stod det ein annonse i Vestlandsnytt som fleire enn underteikna beit seg merke i. «Sal av samlingshuset Sagatun», var tittelen på lysinga som grendelaget på Skredestranda sette inn i avisa.

Sal av eit samlingshus? Det høyrest litt uverkeleg ut. Men tanken om noko så utradisjonelt har ikkje streifa berre skredestrandingane.

For eit års tid sidan vart det slått alarm frå ei grend i Herøy. Der var det eit anna gammalt bygdehus som «sleit». Her måtte det til ein ny frisk for at huset skulle leve vidare.

Medan dei gamle lags- og forsamlingshusa tidlegare gjerne var midtpunktet i bygda, der det kunne vere arrangement opp til fleire gongar i veka, har bruken av desse felles bygdehusa dabba av dei seinare åra. Bruken av husa har naturleg nok blitt mindre i bygder med minkande folketal og gjerne også ei aldrande befolkning.

Ein skal vakte seg vel for å ha sterke meiningar om tilfellet Sagatun spesielt, for her kan det sjølvsagt vere gode grunnar til at forsamlingshuset ikkje er liv laga lenger. Men generelt knyter det seg sterke kjensler til slike forsamlingshus, då dei i høgste grad er ein del av kulturarven som våre forfedrar ynskte at vi skulle ta godt vare på.

Slike hus finst det fleire titals av, nokre større og nokre mindre, berre i Herøy og Sande. Hugs også at dagens bygder gjerne var oppdelt i fleire krinsar tidlegare. Nær sagt alle krinsar hadde sitt eige grendehus. Ideelt sett skulle vi sjølvsagt ha teke godt vare på alle saman. Men kombinasjonen av gamle bygningar, lite bruk og sviktande interesse mellom innbyggjarane, gjer at vedlikehaldet vert forsømt.

Spørsmålet er om dette er ein ny trend. Vil utviklinga føre til at dei gamle bygdehusa våre er på veg ut? Om det er tilfelle, kan det vere grunn til å rope varsku.