Sokneprest Sigmund Bjerkvik slo eit slag for toleranse og rausheit då han heldt preike i Sande kyrkje på nasjonaldagen. Samstundes streka han under at det er viktig å vere stolte av det norske og røtene sine.

Kyrkja er eit sentralt element på 17. mai. Det er ein av tradisjonane våre.

17. mai i år gjekk unna i eit fantastisk flott ver, med sol og temperaturar opp mot 20 grader. Den vesle brisen som kom, var berre velsignande, for bunadskledde så vel som sveitte arrangørar.

Salutt, pølser og prat

Markeringa av grunnlovsdagen er ein stor fest, men samstundes er det også eit stort dugnadslyft, der kvar bygd gjerne vil halde på sitt program og dei faste innslaga.

I enkelte bygder opnar det gjerne med ein salutt tidleg om morgonen, og toget går sjølvsagt si bestemte rute. Nokre plassar med levande musikk, nokre stadar utan. Hurra-rop og vaiande norske flagg er sjølvsagde innslag.

Kransenedlegging, leikar for dei minste, pølser og is. Det er graut eller kjøtkaker, kaker og kaffi. Alt dette høyrer med på 17. mai, og gjerne også ein skikkeleg fest med ein ekte 17. mai-talar på plass. Men ein appell kan fungere like bra.

Det er meldt om god oppslutnad til dei ulike arrangementa på 17. mai i år. Vi rakk på ettermiddagen å få inn ein del bilde frå feiringa rundt omkring i enkelte bygder. I denne omgang vart det eit utval, så alle krinsar er diverre ikkje representerte. Men vi tek gjerne imot fleire!