Herøy kommune fekk i fjor 100.000 kroner frå Helsedirektoratet si tilskotsordning til rekruttering og stabilitet blant legar. Også tidlegare år har kommunen fått slik støtte, og pengane har vore til stor nytte for kommunen i ei vanskeleg tid med å rekruttere og behalde fastlegar.

Har slite lenge

I søknaden blir det vist til at kommunen over lengre tid har slite med å rekruttere og behalde fastlegar.

Årsakene til det kan vere fleire, men det er i alle fall viktig at vi kan vere attraktive med å gi etableringstilskot, skriv kommuneoverlege Torill Myklebust i søknaden til Helsedirektoratet.

Det er særleg ved det eine legesenteret at utskiftinga av legar har vore stor dei siste åra. Difor vil kommunen no prøve med to etableringstilskot for å få større stabilitet i legekorpset.

Vi vil også gjerne kunne tilby dei faste legane noko ekstra for at dei skal bli verande i kommunen, skriv Myklebust. Kommunen søkjer difor om eit tilskot på 990.000 kroner i 2019.