– Lesing er ikkje eit fag. Det er lesing i alle fag. Derfor er det så alvorleg når vi kjem dårleg ut i lesing.

Det sa varaordførar Camilla Storøy (KrF) midtvegs i ein lengre debatt om utviklinga i Herøy-skulen. Som tidlegare omtala har talet på elevar minka mykje dei siste åra, mellom anna fordi fleire no går på den private skulen i Myrvåg.

Når det gjeld elevane som er att i den kommunale grunnskulen, viser resultat frå nasjonale prøver at elevane gjer det dårlegare. Samanliknar ein resultata med gjennomsnittet i fylket og i landet, er elevane i Herøy svakare på alle punkt.

Spesielt leseferdigheitene blir sett på som urovekkjande. I rapporten heiter det at alle dei tre trinna i ungdomsskulen ligg eit skuleår bak landsresultatet. No varslar leiinga i sektor oppvekst nye tiltak.

«Trass fleire satsingar på lesing ute i skulane så maktar ein altså ikkje å heve resultatet samla sett i kommunen. Slik sett er eit dårleg resultat ein skuffelse. Og vi innser no at vi kjem ikkje utanom ein grundigare analyse av resultata og eit samarbeid om undervisningsmetodane som blir brukte. Vi må finne ut kva faktorar som kan vere med på å halde oppe eit utilfredsstillande resultat over år», heiter det i rapporten.

– Det er eit stort ansvar for skulen, men også for heimen og eleven. Skule er viktig. Vi må heve motivasjonen for det å vere god, kommenterte fagleiar oppvekst, Brit-Synnøve Torvik.

Ho kunne elles fortelje at oppvekstsektoren har mange planar. Mellom anna vil dei ha eit betre samarbeid mellom grunnskule og ungdomsskule.

– Men det hjelp ikkje med gode planar om det ikkje blir gjort om til praksis. Skulane jobbar no med mål. Når det gjeld lesing er alle skular pålagt å fokusere ekstra på det neste skuleår. Dei får ekstra ressursar, og må legge opp undervisninga etter resultat, sa Torvik mellom anna.

Vidare kunne Torvik fortelje at eit tiltak som er på trappene er «Trekløveren». Dette er eit samarbeid mellom Herøy, Sande og Ulstein, der kommunane legg ein strategi for eit treårig løp der lesing er sentralt.

– Klasseleiing og relasjonsbygging er kjempeviktig

Kjell Runde (Folkelista) var først ute med si bekymring.

– Det eg syntest er trist er at motivasjon og trivsel er dalande i 10. trinn. Og dette med lesing, det er det viktigaste faget i skulen. Å kunne lese og tileigne seg kunnskap er viktig. Kvifor det er vanskeleg? Vel, etter 40 år i skulen har eg sett ei utvikling eg ikkje likar; Lærarane må bruke kanskje 10–15 minutt på å få ro, så går det litt tid før det byrjar på att. Då får ein ikkje ro nok til å konsentrere seg om lesing. Derfor er klasseleiing og relasjonsbygging kjempeviktig, meinte Runde.

Leiaren av oppvekstkomiteen, Birgitte Sævik Pedersen (KrF), var også uroa over resultata på dei nasjonale prøvene.

– Når vi veit at lesing er nøkkelen til å tileigne seg kunnskap i alle fag, meiner vi at dette er alvorleg. Vi er også spente på om fokuset på tidleg innsats, som blei sett i verk i 2018, vil vise att om nokre år, sa Sævik Pedersen.

For krevjande?

Per Kristian Furø (Ap) meinte det kanskje var i ferd med å bli eit for stort fokus på dei nasjonale prøvene.

– Eg merkar eit stort fokus på nasjonale prøver, og vi les også lesarinnlegg i avisene frå bekymra elevar, som meiner at dette set eit for stort press på dei som elevar. Det må ikkje gå utover viktigheita av andre fag, for det kan bli alt for stort fokus på dette med nasjonale prøver, meinte han.

Fleire fullfører vidaregåande

På den positive sida, kjem Herøy-skulen godt ut i talet på elevar som fullfører vidaregåande skule. 83 prosent av elevane i Herøy-skulen kjem seg ut av vidaregåande med vitnemål. Landssnittet er 74,6 prosent.