Idèen om å få ei nyare ferje i Larsnes-sambandet frå nyttår, er fullt gjennomførbar, meiner ordføraren.

– Vi kan ikkje gje opp tanken om å få erstatta den gamle ferja Kvam, når det no er mogleg. Uansett trengst det utbetringar på kaiene, så det må vere mogleg å få nokre tilpassingar i første omgang, sa ordførar Dag Vaagen (H) i formannskapet.

Bjørn Flatøy følgde opp:

– Eg kjenner tilstanden på Voksa, som vel må reknast som kritisk. Armeringa heng under ei kai der det er stor svai, sa han.

Arnljot Muren (Ap) meinte det «ikkje held å sitje på Molde», og at det straks bør takast ei synfaring. Flatøy kunngjorde at han kan halde båt.

Norled har nyleg kome med signal om at MF Utne (2015) kan setjast inn i sambandet frå nyttår. Planen er at MF Kvam (1977) då kan flyttast til Haram, for å få avløyst MF Austevoll. Men planane har så langt møtt motbør i samferdselsavdelinga, som vil vente med eventuelle utskiftingar til ei samla kaiutbetring i området skal gjennomførast om fem års tid.