NVE-planen vart tysdag lausleg drøfta i formannskapet. Ordførar Dag Vaagen minna om at kommunestyret i Sande var positiv til planane om Haugshornet vindkraftverk for nokre år tilbake. Han varsla at saka skal behandlast politisk i juni.

Arnljot Muren (Ap) meinte vindturbinar bør leggjast nær storindustri og hovudgater for kraftforsyning. Ei lokal utbygging er han sterkt imot.

– Saka burde ha vore avvist med ein gong, sa Muren, som i staden slo eit slag for utbygging av vasskraft.

Bjørn Flatøy (Sande vest) har motsett syn:

– Det er same motstandarane både av vasskraft og vindkraft. Skal vi seie nei til alt? Vi må vere litt meir nyanserte, sa Flatøy. Han signaliserte at han gjerne kunne hatt vindturbinar i sitt eige nabolag.

Flatøy nemnde elles at han meiner det er viktig at det kjem vindkraftutbygging i område der det bur lite folk.

– Skal det vere noko ein vurderer, må det også ligge inntekter i botn, sa Jon Garen (Ap).

Det ligg an til ein interessant debatt i kommunestyret.