Ei fråsegn etter arkeologiske registreringar føreteke to ulike stadar på Skare konkluderer med at fylkeskommunen vil opne for ein dispensasjon, etter at det er gjort nokre funn under torva.

Registreringane vert utførte i samband med den nye reguleringsplanen for området.

I den eine lokaliteten er det funne ei kokegrop frå tida mellom år 80 og 240 e. Kr. Dette er i romartida. Det er også påvist eit tynt, fossilt dyrkingslag.

Den andre lokaliteten består av eit fossilt dyrkingslag frå rundt 1.000 år f. Kr. Dette er altså frå yngre bronsealder.

Funna er freda, men fylkeskommunen varslar at det vil bli gitt dispensasjon i fråsegna når planen kjem på høyring.