– Fredag 24. mai har Natur og Ungdom oppmoda folk til ei ny markering av miljøet. Vi på Bergsøy skule har tenkt å gjere dette på ein litt annleis måte. Vi vil gjerne byde alle til å gå saman med oss på ein klimamarsj.

Det seier femteklassing og elevrådsleiar Kevin Husøy til Vestlandsnytt.

Vi møter han, rektor Marit Lillestøl og resten av elevrådet, unnateke 6. klasse-representantane (avspaserer), ved eit piknikbord i skulegarden. Dei har førebudd seg godt på kva dei skal seie. Rektoren tek først ordet:

– Grunnlova ligg i botnen for alt vi gjer i skulen, og ho har ein klimaparagraf, der det står at alle har rett på ein god natur slik at vi held oss friske, seier ho.

Heilt konkret seier §112 at «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og sette i verk inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet».

– Skulen jobbar med ulike mål utifrå denne paragrafen. Eit av dei er FN sine berekraftsmål, seier Lillestøl.

Måla

Alexandra Hjorthaug (7. kl.) forklarer:

– Det er 17 mål som alle landa i FN vart einige om å arbeide etter. Men det er ikkje berre styresmaktene i dei ulike landa som skal vere opptekne av dette. FN bad oss alle jobbe etter desse måla. Desse måla skal hjelpe oss til å gjere verda til ein betre stad for alle menneske som lever no – utan å øydelegge for dei som kjem seinare. Det er det som er berekraftig utvikling, seier FN.

Matteus Kvalsund (5. kl.) held fram:

– Måla skal hjelpe oss til å verne alt liv på jorda slik at ingenting døyr ut. Dei skal også hjelpe oss til å rydde opp i alt som er gale – og stoppe klimaendringane innan 2030. Det er 11 år til. Då er eg 22 år gammal.

Postar med oppgåver

– Desse måla vil vi markere den 24. mai. Då vil elevane på skulen vår plassere desse måla rundt på turstien på Heid, og elevar vil stå «målvakt» ved kvar post, seier Isabella Smådal (5. kl.).

– Det skal vere oppstart på skuleplassen på Borga kl. 10.30. Då vil det verte halden ein kort appell, før folk går ruta og lærer seg måla, seier Ylva Helsem Nørvåg (7. kl.).

På kvar post er der, i tillegg til eit berekraftsmål, ei utfordring, eit spørsmål eller ei oppgåve.

– Alt heng saman, seier Lillestøl.

Vil ha ein «klimakommune»

Skulen har sendt skriftlege invitasjonar til tre andre skular, Einedalen, Nerlandsøy og YHU, i tillegg til rådmannen, ordføraren og kommunalsjefen for oppvekstsektoren, Sølvi Lillebø Remøy. Men alle andre er også inviterte.

– Vi vil oppfordre politikarane i Herøy, dei som jobbar på rådhuset, alle foreldre, besteforeldre og alle andre som har høve, til å gå denne marsjen saman med oss. Vi vil så gjerne at kommunen vår skal vere ein «klimakommune» – ein kommune som bryr seg om det som skjer rundt oss og ikkje berre det som skjer her heime. Ingen kan redde jorda åleine – men viss vi står saman, så greier vi det! Velkomne til klimamarsj, avsluttar Amanda Johansen Myrhol (5. kl.)