Utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn presenterte først endringane i den nye planen. Han kunne fortelje at det er gjort nokre mindre endringar med tanke på kai- og næringsareal, samtidig som det har blitt teikna inn ein støyskjerm.

Rotevatn sa vidare at det kom inn ni brev med merknadar då reguleringsplanen var ute til offentleg ettersyn. Alle har blitt kommentert. Fylkeskommunen si motsegn med tanke på kulturminne er også imøtekomen, og seinare blitt trekt, kunne Rotevatn fortelje.

I planen som no er godkjend av Herøy kommunestyre, er det planlagd ei 610 meter lang bru med tilhøyrande vegar på begge sider av brua. Planlagd vegbreidde er 7,5 meter, og i tillegg kjem ein gang- og sykkelveg med tre meter breidde.

Det neste hinderet på vegen mot realisering er at fylkestinget må løyve nok pengar til brua under tinget 17. og 18. juni. Her skal det også gjerast vedtak om endeleg planløysing og framdriftsplan.

– Vi har brukt ein del tid

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) meiner at det ikkje lenger er nokon grunn til å sjå seg tilbake.

– Det er eigentleg ein milepåle vi snakkar om. Det er ei historie som starta på ein busstur i 2012. Vi vart inderleg overraska då vi fekk vite at Nerlandsøybrua hadde ei restlevetid på fem år. Men det gjekk altså fire år før fylkeskommunen melde seg på arbeidet med å finne ei god løysing. Statens vegvesen og kommunen byrja med ein gong. Kva var det fylkeskommunen venta på? Var det Nordøyvegen? Eller var det andre ting som måtte kome føre? Vi har i alle fall brukt ein del tid på å finne praktiske løysingar. Men no kan ein seie at det ikkje er nokon grunn for å sjå seg tilbake. No skal vi stå samla om reguleringsplanen for Nerlandsøybrua. Sluttbehandlinga her bør vere slutten på reguleringsarbeidet for Nerlandsøybrua, sa Goksøyr.

Han meinte vidare at Herøy kommune må vere førebudd på å ta ein liten kostnad for å vise at kommunen ikkje har tenkt å fire seg ned til alternative løysingar.

– Er det behov for å restregulere frå der vegen sluttar på Igesund og inn til Fosnavåg sentrum, så må vi gjere det. (…) No må vi halde kontakta med våre på fylket og fortelje at vi ikkje aksepterer å vere salderingspost for andre prosjekt. Dette skal gjerast skikkeleg, avslutta ordføraren.

Diskusjon om fartsgrense

Ole Brubakk (KrF) meinte at ein no var komen eit lite steg på veg.

– Det er bra at vi er komne så langt, men kanskje det meste står att. Det er bygginga. No er det slik at vi køyrer nærmast på dispensasjon, og det er ikkje haldbart. Derfor håper vi at vi skal få ei løysing no, sa han.

Men det var éin ting Brubakk følte behov for å kommentere:

– Der er planlagt ein veg med høg standard, og det er flott. Men det er vel ikkje ynskjeleg at ein skal køyre 80 km/t der? Det er heller ikkje sikkert ein har pengane til å gjennomføre ein slik veg. Kanskje kunne ein då klare seg med ein litt smalare veg?

Det fekk Bjarne Kvalsvik (Folkelista) til å reagere.

– Det er nesten så eg blir skremd over at Ole vil ta av breidda. Og eg ser ingen grunn til at vi skal slakke av, det er fleire bruer som har åtti-sone, mellom anna Tresfjordbrua, sa Kvalsvik.

Han meinte elles at dette er ei god løysing, sjølv om han såg på det som uheldig at løysinga råkar mange grunneigarar.

– Samla sett, er det til å leve med, så lenge ein får ei god bru. Brua vil knyte saman sentruma i Fosnavåg og på Kvalsund på ein heilt anna måte, spesielt for dei som går, meinte Kvalsvik.