– Det er viktig å gjere folk merksame på kva som faktisk kan skje i deira nærområde, sa Åsmund Steen i Sunnmøre Turistforening, før dei frammøtte gav seg i veg i retning Hasundhornet.

Marsjen opp mot Hasundhornet var ein av mange markeringar landet over denne helga mot vindkraftutbygging. Det er Anna Garnes Sæter og Arne Sivertstøl som har tatt initiativet til denne lokale marsjen som vart arrangert i samarbeid med Barnas Turlag på Hareid, Ulstein og Hareid Jeger og fiskarforeining og Naturvernforbundet.

Bakgrunnen er forslaget som NVE har utarbeidd der 13 nye område i Noreg er plukka ut som aktuelle for å etablere vindkraftindustri. 1. oktober er sett som frist for å kome med innspel til forslaget.

I 2007 ønska NVE å etablere eit industriområde for vindturbinar på Gurskøya, det såkalla Havsul-prosjektet. Dei som protesterte mot dette vann fram, mellom anna på grunn av omsynet til natur og friluftsliv.

Mange av dei som kjempa mot dette den gongen deltok på turmarsjen.

Nei-haldning til vindmøller i Hareidsfjella

Steen gav ei orientering om kva konsekvensar ei slik utbygging kan få.

– Trenden no er færre, men høgare turbinmaster. Nokre så høge som 250 meter frå bakken til tuppen på rotorbladet. Eg vil tru at det som er mest aktuelt for dette området er små og mellomstore anlegg. Det vil seie fem til ti vindturbinar. Om ein då kan få mange mindre vindturbinanlegg samla i eitt område er uvisst, men det kan skje, sa Steen som forklarte at ein vindturbin vil bandlegge store areal.

– Ein turbin krev eit anleggsområde på storleik med ein halv fotballbane, fortalde Åsmund Steen. Han poengterte at det i tillegg må avleggast vegar i samband med bygging og vedlikehald av turbinane, vegar som er opptil sju meter breie.

– Ein annan ting er at mange av dei stadane NVE har plukka ut er myrområde. Myra har ei fantastisk evne til å halde på CO2. Vi må difor spørje oss om ikkje utsleppet av CO2 i samband med utbygginga av turbinanlegga er større enn det elektrisiteten turbinen produserer maktar å spare inn, sa han.

Fleire hadde spørsmål, mellom anna vart det lurt på om kor mykje lokale styresmakter kan gjere for å påverke utbyggjarane.

–Det er klart at det vert vanskelegare å etablere slik industri dersom kommunen er i mot.

Berre éin kommune har vorte overkøyrd på vindkraft

Steen visste ikkje kor store inntekter kommunane som vert utbygde kan rekna med i samband med vindkraftetableringar, men forklarte at det er andre reglar som gjeld for slik energiproduksjon.

– Her er det til dømes ikkje snakk om fallrettar som ved vasskraft og det vert nok mindre lokalt og offentleg eigarskap, trudde han.

Det vart også hevda at ein nede i Europa er i ferd med å bygge ned vindturbinanlegga på land. Ein annan påstand var at 90 prosent av vindkraftselskapa som opererer her i landet er eigd av utanlandsk kapital.

– I Tyskland er det langt strengare krav til plassering av vindturbinar enn vi har i Noreg. Då kan det vere ei løysing å flytte vindkraftproduksjonen hit, trudde Steen.

Ornitolog og naturvernar Alv Ottar Folkestad deltok også på marsjen og delte nokre ord undervegs. Mellom anna framførte han ei omarbeidd utgåve av talen som indianarhovdingen Seattle heldt til dei amerikanske styresmaktene då stammen hans vart tvinga til å busetje seg i reservat.

Folkestad var sterkt kritisk til planane som NVE hadde lagt fram og meinte at dette var eit svært tynt produkt.

– Det finst ikkje eit einaste spor av den informasjonen vi har mata inn i løpet av dei åra det har vore arbeidd for å bygge ut vindkraft i denne delen av landet, sa Alv Ottar Folkestad som har hatt mange rundar med NVE.

Oppe på Hestelægda var det ny stopp. Staden vert nytta som startbane for medlemmene i paragliderklubben Stratus. Der nytta paragliderentusiast Louis Fonseca høvet til å kome med eit støtteerklæring til vindturbinmotstandarane.

– Dersom desse utbyggingsplanane vert noko av, vert dei nøydde til å tørke oss av propellblada. Vi kjem til å fortsetje å flyge, lova Fonseca før han bokstavleg tala sveva av garde.

Målet var å gå opp til Hasundhonet, men då det kom nokre kraftige snøelingar vart det bestemt at arrangementet formelt sett var over.

– I tillegg til dei vel 100 som tok del på fellesmarsjen, hadde rundt førti tatt turen opp til Hasundhonet på førehand, fortel Anna Garnes Sæter. Ho kan elles opplyse om at marsjen samla deltakarar frå Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ålesund og Volda.

Denne saka stod først på trykk i Vikebladet Vestposten.