– Det er ei stor glede for Herøy kommune at Europris har valt å etablere seg her. Kommunen si rolle i prosessen har vore viktig og stor. Det er ikkje til å legge skjul på at Europris har vore på utkik etter tomt i området ei stund, og heldigvis falt dette på plass no. Administrasjonen har gjort ein god jobb med å få dette til, og politikarane har også vore med på å godkjenne planane. Utan det hadde ikkje bygget stått her i dag. Det sa leiar av komité for næring, kultur og idrett i Herøy kommune, Stig Arne Sævik, då han stod for den offisielle opninga onsdag morgon.

Med som hjelpar for å klippe den raude snora fekk Sævik med seg ein liten gut frå Gnist Barnehage, fire år gamle Markas. Saman med resten av barnehagebarna song dei også to flotte songar.

– Bra med nye arbeidsplassar

Utover dette påpeika Sævik at etableringa er ei betydeleg styrking av handelstilbodet i kommunen.

– Eg vil tru at det no blir endå fleire som legg merke til Eggesbønes og Fosnavåg som ein attraktiv plass å kome til, også med tanke dei etableringane som allereie er i området frå før.

– Eit anna veldig viktig aspekt ved dette, er at det også førar med seg nye arbeidsplassar, sa Sævik.

Butikken har til saman ni nytilsette.

– Eg vil ynskje alle som har fått jobb her lykke til. Eg er sikker på at dette blir ein fin og interessant arbeidsplass. Forhåpentlegvis får de det hektisk, avslutta Stig Arne.

– Stor dag

Då det formelle var gjort unna fekk dei fyrste kundane sleppe inn dørene og sjå den splitter nye, 1055 kvadratmeter store butikken. Dei tilsette baud på kake og ulike spesialtilbod for høvet.

– Dette er ein stor dag og det gler meg utruleg mykje at vi er i gang. Vi er svært nøgde med resultatet, sa butikksjef Tonje Hauge, og rosa dei tilsette for innsatsen så langt.

Tonje Hauge har åtte års erfaring frå Europris i Gausdal, og har i tillegg studert marknadsføring og leiing ved NTNU i Ålesund. No har ho flytta hit for å bygge opp det ho meiner blir eit suksessprosjekt.

Har tru på kundemassen

Hauge kan elles opplyse om at ho er i høgaste grad optimistisk for kundepotensialet i kommunen.

– Det er klart at Ulsteinvik sin Europris no vil få litt konkurranse frå oss, men moglegheita er veldig store for begge butikkane slik som vi ser det. Vi har allereie opplevt stor interesse rundt butikken så langt. Dette er liv laga, konkluderte ho då Vestlandsnytt fekk snakka kor med ho i folkemylderet.